Daniel av Sverige
Daniel (fødd Olof Daniel Westling, 15. september 1973) vart prins av Sverige og hertug av Västergötland etter å ha gifta seg med kronprinsesse Victoria av Sverige 19. juni 2010.
Daniel | |||
Prins Daniel av Sverige | |||
Fødd | Olof Daniel Westling 15. september 1973 (51 år) Örebro i Sverige | ||
---|---|---|---|
Tittel | Prins av Sverige | ||
Alle titlar | Prins av Sverige Hertug av Västergötland | ||
Fullt namn | Olof Daniel Westling Bernadotte | ||
Land | Sverige | ||
Mor | Anna Kristina Eva Westling | ||
Far | Olle Gunnar Westling | ||
Ektefelle | Victoria av Sverige | ||
Barn | Estelle av Sverige, Oscar av Sverige |
Westling var personleg trenar og dreiv treningsselskapet Master Training med to studio i Stockholm.
Westling møtte kronprinsesse Victoria på treningsstudioet sitt i 2002, og dei to utvikla venskapet sitt sidan den gong. 24. februar 2009 kunngjorde det svenske hoffet at Daniel Westling og Victoria hadde trulova seg. Bryllaupet vart halde 19. juni 2010 i Storkyrkan, domkyrkja i Stockholm.
23. februar vart prins Daniel og kronprinsesse Victoria foreldre til Estelle av Sverige.
Namn og titlar
endre- 1973–2010: Olof Daniel Westling
- 2010–i dag: Prins Olof Daniel av Sverige, hertug av Västergötland
Galleri
endre- Daniel av Sverige
-
Prins Daniels monogram
-
Prins Daniel og Kronprinsesse Victorias fellesmonogram
-
Kronprinsesse Victoria, Prins Daniel, Kong Carl XVI Gustaf, Dronning Silvia, Olle Gunnar Westling og Anna Kristina Eva Westling i Stockholm like etter bryllaupet til Kronprinsesse Victoria og Daniel Westling (no Prins Daniel), 19. juni 2010
Kjelder
endre- Denne artikkelen byggjer på «Daniel Westling» frå Wikipedia på bokmål, den 24. mai 2010.