Dies irae
«Dies irae» (latin for 'Vreidedagen') er ein latinsk hymne frå 1200-talet, truleg skriven av Thomas av Celano. Teksten er rekna som ein del av sekvens-diktinga i tida., og er difor gjerne kalla Dies irae-sekvensen.
Kvar strofe har tre trokeiske verseliner som rimer. Diktet skildrar dommedag, «då redslerop mot himlen ljomar» og held fram med bøner om frelse frå helvete. Ei omsetjing ved Anders Hovden og Ragnhild Foss står i Norsk salmebok på nr. 252 («Vreidedagen, han skal renna» - 16 vers); ei omsetjing ved Ragnhild Foss står i den katolske salmeboka Lov Herren på nr 653 («Vreidedagen verdi tyner» - 17 vers).
«Dies irae» inngjekk tidlegare i den katolske dødsmessa, men dette vart endra ved liturgien av 1969.
Diktet
endreLatinsk tekst | Omsetjing ved Ragnhild Foss | |
---|---|---|
1 | Dies irae, dies illa, |
Vreidedagen verdi tyner |
2 | Quantus tremor est futurus, |
Redslerop mot himlen ljomar, |
3 | Tuba mirum spargens sonum |
Doms-basun med tunge tonar |
4 | Mors stupebit et natura, |
Daude, liv i redsle grundar: |
5 | Liber scriptus proferetur, |
All den synd på jord eg gjorde |
6 | Judex ergo cum sedebit, |
Røyna fær eg då med tåre: |
7 | Quid sum miser tunc dicturus? |
Kva skal eg min domar svara, |
8 | Rex tremendae majestatis, |
Drott som kjem i domarvelde, |
9 | Recordare, Jesu pie, |
Jesus, Frelsar, eg vil gøyma |
10 | Quaerens me, sedisti lassus: |
Trøytt for meg du sat ved brunnen, |
11 | Juste judex ultionis, |
Rettsferds domar, vil du minnast, |
12 | Ingemisco, tamquam reus: |
Sjå, eg skjelv for synden’ mine, |
13 | Qui Mariam absolvisti, |
Miskunn gav du syndekvinna, |
14 | Preces meae non sunt dignae: |
Ring er bøni eg kann beda: |
15 | Inter oves locum praesta, |
Lat meg millom lammi skrida |
16 | Confutatis maledictis, |
Lat kje meg i synd og fæle |
17 | Oro supplex et acclinis, |
Hjarta brenn i såre kvida; |
18 | Lacrimosa dies illa, |
Å, du dag, då tåror fløymer! |
19 | Huic ergo parce, Deus: |
Vil du syndi frå deim taka! |
Musikken
endreMelodien er gregoriansk, nedteikna i Wittenberg i 1529. Temaet har vore bruka i ulike samanhenger, bl.a. i Hector Berlioz' Symphonie fantastique, Franz Liszts Totentanz og fleire stykke av Sergej Rachmaninov, samt i opningsscena i Stanley Kubricks film Ondskapens hotell (The Shining).
Teksten har som ein del av den romerskkatolske rekviemmessa blitt bruka av mange komponistar, mellom anna Mozarts, Berlio' og Verdi, og i Benjamin Brittens War Requiem.