Donoúsa
Lokalt namn Δονούσα

Geografi
Donoúsa is located in Hellas
Donoúsa (Hellas)
Stad Kykladane
Koordinatar 37°06′27″N 25°48′50″E / 37.10750°N 25.81389°E / 37.10750; 25.81389
Areal 13,8 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Kommune
Dei sørlege egeiske øyane
Náxos
Náxos og dei små Kykladane
Hovudsete Donoúsa (185 innb.)
Demografi
Folketal 213 (2021[1])
Folketettleik 15,4 /km²

Donoúsa (gresk Δονούσα), òg kalla Donoussa, Denousa eller Denoussa, er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. I antikken vart ho kalla Stenosa eller Spinosa. I lag med Amorgós er ho ei av dei austlegaste øyane i øygruppa.

Donoúsa var tidlegare eigen kommune, men inngår frå 2011 som ei kommunaleining i kommunen Náxos og dei små Kykladane, som er ein del av periferieininga Náxos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]

Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunaleininga Donoúsa 213 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 185 innbyggjarar.[1]

Donoúsa ligg om lag 25 km nord for Amorgós (Katápola), 7 km frå den vesle øygruppa Mákares og 15 km aust for Náxos. Ho er berre 14 km² og består av fjell, åsar, steinar og nokre buskar. Det høgaste punktet er 385 m. Donoúsa har ei lita hamn med båttransport til Náxos og Amorgós.

Referansar

endre

Kjelder

endre
  NODES
os 8