Dumeng Giovanoli (fødd 23. januar 1941) frå Sils im Engadin/Segl er ein sveitsisk, tidlegare skirennar.

Dumeng Giovanoli
Statsborgarskap Sveits
Fødd 23. januar 1941 (83 år)
Sils im Engadin/Segl
Yrke alpinist
Høgd 174 centimeter

Giovanoli vann sin første siger i verdscupen 14. januar 1968 i slalåm i Wengen. Ei veke seinare gjekk han til topps i slalåmrennet i Kitzbühel, og han vann den sesongen slalåmcupen av verdscupen. Under OL 1968 i Grenoble hamna han utanfor sigerspallen, med fjerdeplass i slalåm som best. Derimot kom han på andreplass i den alpin kombinasjonen, den stod ikkje på OL-programmet men talde som VM-øving. Han tok ei bronsemedalje i storslalåm under VM 1970 i Gherdëina.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap

endre
  • 1964: Nr 13 i utfor under vinter-OL i Innsbruck
  • 1966: Nr 8 i storslalåm i VM i alpint i Portillo
  • 1968: Sølvmedalje i den alpine kombinasjonen i VM i alpint, nr 4 i slalåm og nr 7 i storslalåm under vinter-OL i Grenoble
  • 1970: Bronsemedalje i storslalåm og nr i 6 i slalåm i VM i alpint i Gherdëina

Verdscupsigrar

endre
Dato Stad Land Øving
14. januar 1968 Wengen Sveits Slalåm
21. januar 1968 Kitzbühel Austerrike Slalåm
21. mars 1969 Waterville Valley USA Storslalåm
17. januar 1970 Kitzbühel Austerrike Slalåm
20. januar 1970 Kranjska Gora Jugoslavia Slalåm

Bakgrunnsstoff

endre
  NODES
INTERN 1