East Sussex
East Sussex er eit grevskap søraust i England. Det grensar til grevskapa Kent, Surrey, Brighton and Hove og West Sussex og i sør til Den engelske kanalen. Det seremonielle grevskapet har kring 770 000 innbyggjarar.
East Sussex | |||
grevskap | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | Søraust-England | ||
Areal | 1 792 km² | ||
Folketal | 766 400 (2008) | ||
Grunnlagd | Historisk | ||
Status | Seremonielt grevskap og ikkje-metropolitansk | ||
East Sussex 50°56′N 0°22′E / 50.94°N 0.37°E | |||
Kart som viser East Sussex.
| |||
Wikimedia Commons: East Sussex |
Historie
endreEast Sussex var ein del av det gamle kongedømet til sørsaksarane, som slo seg ned der på 400-talet, etter at romarane forlet området. Området hadde derimot vore busett i mange tusen år før den tid. Det finst mange arkeologiske funn, særleg i dei høgareliggande områda, både frå romarane og normannarane. Tidleg industriverksemd i området var basert på fiske, jernproduksjon og ullhandel.
Bakgrunnsstoff
endre Reiseguide for East Sussex frå Wikivoyage
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «East Sussex» frå Wikipedia på engelsk, den 17. november 2009.