Eichstätt
Eichstätt er ein by og ein kommune sentralt i forbundslandet Bayern i Tyskland, ei 20 kilometer nordvest for Ingolstadt. Kommunen har knapt 14 000 ibuarar og eit areal på 47,8 km². Byen ligg 393 meter over havet i eit landskap prega av åsar og dalar. Han hyser administrasjonen for Landkreis Eichstätt og forvaltar Naturpark Altmühlthal. Eit katolsk universitet har hovudsete i Eichstätt.
Eichstätt | |||
by | |||
|
|||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Del av | Stimmkreis Eichstätt | ||
Areal | 47,78 km² | ||
Folketal | 13 867 (31. desember 2023) | ||
Eichstätt 48°53′31″N 11°11′02″E / 48.891944444444°N 11.183888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Eichstätt |
Borga Willibaldsburg er eit landemerke i Eichstätt.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Eichstätt» frå Wikipedia på tysk, den 7. september 2024.