Eight Miles High
Eight Miles High singel av The Byrds frå albumet Fifth Dimension | ||
B-side |
«Why» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 14. mars 1966 | |
Innspelt | 24. og 25. januar 1966, Columbia Studios, Hollywood, CA | |
Sjanger | Psykedelisk rock, ragarock | |
Lengd | 3:33 | |
Selskap | Columbia | |
Tekstforfattar | Gene Clark | |
Låtskrivar(ar) | Gene Clark, Jim McGuinn, David Crosby | |
Produsent | Allen Stanton | |
The Byrds-kronologi | ||
«It Won't Be Wrong» (1966) |
Eight Miles High | «5D (Fifth Dimension)» (1966)
|
«Eight Miles High» er ein song av det amerikanske rockebandet The Byrds, skriven av Gene Clark, Jim McGuinn og David Crosby og først gjeven ut som singel i mars 1966.[1] Singelen nådde Topp 20 i USA og Topp 30 i Storbritannia.[2][3] Songen kom òg ut på det tredje albumet deira, Fifth Dimension, som kom ut 18. juli 1966.[4]
Songen vart bannlyst av amerikansk radio kort tid etter han kom ut, etter påstandar om at teksten omhandla narkotikabruk.[5][6] Bandet prøvde å nekte for skuldingane, men i seinare år har både Clark og Crosby innrømd at songen i det minste delvis var inspirert av deira eige narkotikabruk.[5][7] Musikalsk var songen påverka av Ravi Shankar og John Coltrane, og i lag med B-sida «Why» var han viktig i utviklinga av dei musikalske retningane psykedelisk rock og ragarock.[6][7][8]
Historie
endreDen uklåre teksten omhandlar i hovudsak ein flytur bandet hadde til London i august 1965 og den påfølgjande turneen, noko ein kan høyre i opningslinjene: «Eight miles high and when you touch down, you'll find that it's stranger than known.». Sjølv om kommersielle fly fyk i høgder på seks til sju miles, så følte ein at det var meir poetisk med «eight miles high», samt at det minte om The Beatles-songen «Eight Days a Week»".[6] I følgje Clark skreiv han det meste av teksten, med små bidrag frå David Crosby.[5][6][9]
Sjølv om grunnideen for songen vart diskutert under flyturen til England, tok ikkje songen form før turneen deira i USA i november 1965.[5] Crosby hadde teke med seg ein kassett med musikken til Ravi Shankar og John Coltrane-albuma Impressions og Africa/Brass, som vart spelt konstant på turnebussen.[10][11] Påverknaden frå desse innspelingane kom til syne både i «Eight Miles High» og på B-sida «Why».[10]
McGuinn var inspirert av saksofonspelinga til Coltrane og særleg songen «India» frå Impressions er tydeleg å høyre att i «Eight Miles High».[5] I tillegg til det øyrefallande gitarriffet er songen prega av basslinja til Chris Hillman, rytmegitaren til Crosby og den overjordiske harmonivokalen.[5][7][12]
Tidlegare utgåver av «Eight Miles High» og «Why» vart spelte inn i RCA Studios i Los Angeles den 22. desember 1965, men Columbia Records nekta å gje ut desse sidan dei ikkje var spelte inn i Columbia sine eigne studio.[7][13] McGuinn har sidan sagt at han meinte at RCA-utgåva av «Eight Miles High» var meir spontan og betre enn den meir kjende Columbia-utgåva.[7] Det same meinte Crosby, som meinte utgåva var både sterkare og hadde meir flyt.[7] Desse tidlegare utgåvene vart gjevne ut på albumet Never Before i 1987, og sidan på Columbia/Legacy-utgåva av Fifth Dimension i 1996.[14][15]
Same månaden som «Eight Miles High» kom ut på singel, forlet den viktigaste låtskrivaren i bandet, Gene Clark, dei.[16] Han hadde flyskrekk og kunne ikkje lenger turnere med bandet, samt at han i aukande grad hadde isolert seg frå resten av gruppa..[16][17] Etter «Eight Miles High» og Clark forlet bandet, klarte aldri The Byrds å få ein singel inn på Topp 20 igjen i USA.[2]
Utgjeving og ettermæle
endre«Eight Miles High» kom ut 14. mars 1966 og nådde 14. plass på singellista i USA og 24. plass i Storbritannia.[1][2][3][16]
Bruken av element frå indisk musikk og frijazz, og den impresjonistiske teksten, fekk med ein gong stor påverknad på den psykedeliske rocken som var i ferd med å bryte fram.[16][18] Songen var òg ansvarleg for å namngje heile sjangeren ragarock, så journalist Sally Kempton i meldinga hennar om singelen for Village Voice, først nytta uttrykket for å skildre blandinga av austleg og vestleg musikk.[19]
Singelen fekk god kritikk nesten alle stader då han kom ut.[16] Music Echo i Storbritannia skreiv at med «Eight Miles High» så hadde The Byrds gått forbi The Beatles når det kom til kreativitet, og at ved å få ut singelen då han kom ut, så var dei før The Beatles, for Paul McCartney innrømde at dei arbeidde med ein liknande stil på det nye albumet deira.[20] Richie Unterberger i Allmusic har skildra songen som ein av dei største singlane i 1960-åra.[4]
Songen er gjeven ut på mange samlealbum av The Byrds. Ein 16 minuttar lang konsertversjon finst på Byrds-plata (Untitled) frå 1970, samt konsertalbumet Live at Royal Albert Hall 1971 som kom i 2008.[21][22]
I 2004 rangerte Rolling Stone songen på 150. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene[23] og i mars 2005 plasserte Q songen på 50. plass på lista deira over dei 100 største gitarsongane.[24]
Andre utgåver
endreMange band og artistar har spelt inn sine utgåver av songen, som The Ventures, Leathercoated Minds, Lighthouse, Leo Kottke, Roxy Music, Ride, Stewart/Gaskin, Robyn Hitchcock, Rockfour, Les Fradkin, The Postmarks og Hüsker Dü. Golden Earring spelte inn ein 19 minuttar lang versjon av songen på albumet deira Eight Miles High i 1969.[25]
Don McLean-songen «American Pie» har ein referanse til «Eight Miles High» med linjene «The Birds [sic] flew off with a fall-out shelter/Eight miles high and falling fast».[26][27]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Eight Miles High» frå Wikipedia på engelsk, den 17. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 541–544. ISBN 0-95295-401-X.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Whitburn, Joel. (2008). Top Pop Singles 1955-2006. Record Research Inc. s. 130. ISBN 0-89820-172-1.
- ↑ 3,0 3,1 Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8.
- ↑ 4,0 4,1 «Fifth Dimension review». Allmusic. Henta 17. oktober 2010.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life og Legacy of The Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 82–85. ISBN 0-87930-793-5.
- ↑ 6,0 6,1 6,2 6,3 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 158–163. ISBN 0-95295-401-X.
- ↑ 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 152–157. ISBN 0-95295-401-X.
- ↑ Bellman, Jonathan. (1997). The Exotic In Western Music. Northeastern Publishing. s. 351. ISBN 1-555-53319-1.
- ↑ «Eight Miles High». Roger McGuinn's Official Blog. Henta 17. oktober 2010.
- ↑ 10,0 10,1 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 141. ISBN 0-95295-401-X.
- ↑ Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 75. ISBN 1-90600-215-0.
- ↑ «Eight Miles High». Allmusic. Henta 17. oktober 2010.
- ↑ Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 620. ISBN 0-95295-401-X.
- ↑ «Fifth Dimension». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 17. oktober 2010.
- ↑ Rogan, Johnny. (1996). Fifth Dimension (1996 CD liner notes).
- ↑ 16,0 16,1 16,2 16,3 16,4 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 84–87. ISBN 1-90600-215-0.
- ↑ Einarson, John. (2005). Mr. Tambourine Man: The Life og Legacy of The Byrds' Gene Clark. Backbeat Books. s. 87–88. ISBN 0-87930-793-5.
- ↑ «Psychedelic Rock Overview». Allmusic. Arkivert frå originalen 13. november 2010. Henta 17. oktober 2010.
- ↑ Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 88. ISBN 1-90600-215-0.
- ↑ Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 91. ISBN 1-90600-215-0.
- ↑ «(Untitled) review». Allmusic. Henta 17. oktober 2010.
- ↑ «Live at Royal Albert Hall 1971 review». Allmusic. Henta 17. oktober 2010.
- ↑ «The 500 Greatest Songs Of All Time». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 21. juni 2008. Henta 8. november 2009.
- ↑ «100 Greatest Gitar Tracks». Rockandrollreport.com. Henta 17. oktober 2010.[daud lenkje]
- ↑ «Golden Earring - Eight Miles High album review». Allmusic. Henta 17. oktober 2010.
- ↑ «Don McLean's American Pie - Official Lyrics». Don McLean Online. Arkivert frå originalen 29. november 2014. Henta 17. oktober 2010.
- ↑ «American Pie: What's the meaning of Vers 4». About.com. Henta 17. oktober 2010.[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
endre152: «Earth Angel» The Penguins |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 151 «Eight Miles High» The Byrds |
150: «Cathy's Clown» The Everly Brothers |