El Paso
El Paso er ein amerikansk by i delstaten Texas. Byen hadde nesten 600 000 innbyggjarar i 2005. Byen ligg ved elva Rio Grande og grensar til den meksikanske delstaten Chihuahua.
El Paso | ||||
---|---|---|---|---|
| ||||
Styresmakter | ||||
County Delstat |
El Paso County Texas | |||
Ordførar | John Cook | |||
Geografi | ||||
Flatevidd | 667,289006, 663,698668 km² | |||
Flatevidd - By |
2648,8 km² | |||
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
598 590 873,7/km² | |||
Diverse anna | ||||
Heimeside: https://www.elpasotexas.gov/ | ||||
Nettstad: www.elpasotexas.gov | ||||
Plassering | ||||
Historie
endreArkeologiske funn tyder på at det har levd menneske i denne regionen i tusenvis av år. Dei første gruppene ein veit har budd der er manso-, suma- og jumanoindianarar, dei fleste av desse vart etter kvart blanda inn i nybyggarpopulasjonen. amerikanske nybyggjarar byrja å slå seg ned i regionen i 1848.
Under Republikken Texas krangla Mexico og Texas om El Paso. Byen var lovleg sett ein del av Mexico, men Sam Houston meinte at byen var ein del av Texas.
Under den amerikanske borgarkrigen var Texas ein del av Confederate States of America. Etter borgarkrigen byrja byen å vekse.