Elva Somme
Somme er ei elv i Picardie, nord i Frankrike. Namnet Somme kjem frå eit keltisk ord som tyder ro.
Somme | |||
elv | |||
Land | Frankrike | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | ±6 000 km² | ||
Lengd | 245 km | ||
Middelvassføring | 35 m³/s | ||
Kjelde | Picardie | ||
• høgd | 85 moh. | ||
Munning | Den engelske kanalen | ||
Elva Somme 50°13′11″N 1°29′51″E / 50.2197°N 1.4976°E | |||
Wikimedia Commons: Somme River |
Historie
endre- Elva er kanskje mest kjend for Slaget ved Somme i 1916 under den første verdskrigen.
- Invasjonsflåten til William Erobraren samla seg i Sommebukta ved Saint-Valery-sur-Somme i 1066.
- Under Slaget ved Balnchetaque i 1346 trekte Edward III sin hær seg tilbake over elva under felttoget som enda med Slaget ved Crécy.
- Slaget ved Agincourt i 1415 innebar òg at elva vart kryssa.
- Dei store slaga som til slutt stoppa tyskarane i Våroffensiven i 1918 vart kjempa i Sommedalen, som ved Villers Bretonneux, som markerte byrjinga på slutten av krigen.
Département og landsbyar langs elva
endreStørste sideelvar
endre
|
|
Hydrologi
endreElva er kjenneteikna med svært låg hellingsgrad og jamn straum. Dalen har forholdsvis bratte sider, men i botn er han flat med myrer og basseng. Elva er ei kalkelv, og vasskjelda til elva er grunnvatn som piplar opp gjennom kalksteinen som elva renn over.
Ein av myrene i dalen, Marais de l'Île, er eit naturreservat i byen St. Quentin. Tidlegare vart det grave torv ut frå myrene, men i dag vert dei nytta til fiske og jakt.
I 1770 byrja konstruksjonen av Canal de la Somme, som stod ferdig i 1843. Han er 156 km lang, og byrjar ved St. Simon og Sommebukta. Frå St. Simon til Froissy (nær Bray sur Somme, sør for Albert) går kanalen ved sida av elva. Frå Abbeville, går kanalen gjennom den tidlegare elvemunningen, som no er tilmudra, til Saint-Valéry-sur-Somme, der kanalen går ut i Den engelske kanalen.
St. Quentin Canal, vidkjend for slaget i 1918 knyter Somme til Nord-Frankrike og Belgia og sørover til elva Oise. Canal du Nord knyter òg Somme til Oise ved Noyon, og så Paris.
I 2001 vart Sommedalen råka av ein kraftig flaum, som stort sett kom av stigande vasspegel i omgivnadane.
Kjelder
endre- Delattre, Ch., Mériaux, E. and Waterlot, M. Guides Géologiques Régionaux: Région du Nord, Flandre Artois Boulonnais Picardie (1973)
Bakgrunnsstoff
endre- Bilete av Somme Arkivert 2007-05-27 ved Wayback Machine.