Entre Ríos-provinsen
Entre Ríos (spansk uttale [ˈentɾe ˈri.os]) er ein provins i nordaustlege Argentina. Provinsnamnet kan omsetjast til «mellom elvar». Han ligg mellom elva Paraná som er grense til provinsane Santa Fe og Buenos Aires i vest og sørvest, og elva Uruguay som er grense til Uruguay i aust. I nord grensar han til provinsen Corrientes.
Entre Ríos-provinsen | |||
provins | |||
|
|||
Land | Argentina | ||
---|---|---|---|
Del av | South America Midwest Integrated Zone | ||
Hovudstad | Paraná | ||
Areal | 78 781 km² | ||
Folketal | 1 425 578 (2022)[1] | ||
Entre Ríos-provinsen 32°06′S 59°18′W / 32.1°S 59.3°W | |||
Wikimedia Commons: Entre Ríos Province |
Geografi
endreSom ein del av den argentinske Mesopotamia-regionen er provinsen nesten heilt flat, med åsar som når nokre få hundre meters høgd. Det finst to låge åskammar, kalla Lomadas eller Cuchillas: Cuchilla de Montiel i vest og Cuchilla Grande i aust. Desse skilst av elva Gualeguay.
Entre Ríos-provinsen er omgitt og gjennomskoren av mange elvar. I vest og sør dannar elva Paraná grensa, i aust elvane Uruguay og Mocoretá, og i nord Guayquiraró.
Langs Uruguay-bassenget finst det ei rekkje varme kjelder, mellom anna i Federación, Villa Elisa og Colón.
Innanfor grensene i provinsen er det oppretta to nasjonalparkar: El Palmar nasjonalpark og Diamante nasjonalpark.
Klima
endreI provinsen Entre Ríos er klimaet subtropisk utan tørkeperiode i nord, medan den sørlege delen har eit mildare pampasklima. Provinsen blir påverka av vindar frå Atlanterhavet, og har i tillegg lokale vindar som Pampero, Sudestada og vind frå nord. Den gjennomsnittlege årsnedbøren er 900 millimeter. Gjennomsnittstemperaturen om sommaren (november til mars) er 20 grader Celsius. Om vinteren søkk temperaturen til mellom 10 og 13 grader Celsius.
Folkesetnad
endreFolkesetnaden er konsentrert langs elvane Paraná og Uruguay. Ved Paraná ligg provinshovudstaden Paraná, den største byen i provinsen med ca. 392 000 innbyggjarar. På same elvebreidd ligg dei mindre byane Gualeguay, Victoria (ved Paraná-sideelvar) og La Paz, med mellom 40 000 og 75 000 innbyggjarar kvar. Ved Río Uruguay ligg den industrielt viktige byen Concordia 200 000 innbyggjarar og karnevals- og turistsenteret Gualeguaychú med 126 000 innbyggjarar, og dessutan mindre byar som Concepción del Uruguay 116 000 innbyggjarar og Colón 75 000 innbyggjarar. Alle folketal etter folketeljinga i 2022.[2]
Entre Ríos er kjent for karnevalet i Gualeguaychú, som minner litt om karnevalet i Rio de Janeiro.
Historie
endreDei første innbyggjarane i det som no er Entre Ríos, var charrúa- og chanáfolket. Spanjolane kom i 1520 då Rodríguez Serrano, på leiting etter Stillehavet, reiste oppover Uruguayelva.
Den første permanente spanske busetjinga vart etablert på slutten av 1500-talet i dagens La Paz-departement. Som guvernør, først i Asunción og deretter i Buenos Aires, leidde Hernandarias ekspedisjonar inn i ikkje-utforska områda i Entre Ríos. Etter å ha grunnlagt Santa Fe utforska Juan de Garay dette området, som han kalla la otra banda, «den andre breidda».
Mellom 1810 og 1820 gjekk konfliktane føre seg om Argentinas sjølvstende. Den 29. september 1820 erklærte leiaren Francisco Ramírez området som den autonome republikken Entre Ríos. Denne eksisterte fram til hans død 10. juli året etter. I 1853 vart Paraná utnemnt som hovudstad for den argentinske konføderasjonen i ei forsamling av alle provinsar, bortsett frå Buenos Aires, og guvernøren i provinsen og leiar Justo José de Urquiza vart vald til den første presidenten.
Sjølv om mange etterkommarar av guaranífolket framleis lever i Entre Ríos, vart provinsen i stor grad forma av europeiske innvandrarar som etablerte jordbrukskoloniar på 1800-talet. Blant desse var mange tyske innvandrarar frå Volga-området, volgatyskarar, særleg rundt Gualeguaychú og i fleire landsbyar sør for provinshovudstaden Paraná, og dessutan belgiarar, til dømes i Villaguay.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Provinz Entre Ríos» frå Wikipedia på tysk, den 8. november 2024
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://censo.gob.ar/wp-content/uploads/2023/11/CNPHV2022_RD_Indicadores-demogrA%C2%A1ficos.pdf; vitjingsdato: 28. juli 2024.
- ↑ «Argentina: Administrative Division - Provinces, Departments and Partidos» (på engelsk). Henta 8. november 2024.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Maren Goldberg. «Entre Ríos - province, Argentina» (på engelsk). Encyclopædia Britannica, Inc.