Esslingen am Neckar
Esslingen am Neckar er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 88 000 innbyggjarar. Byen er òg sete for landkreisen Esslingen. Esslingen ligg ved elva Neckar, 10 km frå sentrum av Stuttgart.
Esslingen am Neckar | |
---|---|
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Baden-Württemberg Stuttgart Esslingen |
Først nemnd i | 777 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
46,43 km² |
Innbyggjarar - By (2012) - folketettleik |
88 295 1 902/km² |
Koordinatar | 48°44′0″N 9°19′0″E / 48.73333°N 9.31667°E |
Høgd over havet | 241 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 73728–73734 |
Telefon-retningsnummer | 0711 |
Bilnummer | ES |
Heimeside: www.esslingen.de |
Historie
endreByen vart først nemnd i 777 som Ezelinga i testamentet til abbed Fulrad frå Saint-Denis (nær Paris), prest for Pippin og Karl den store. Han førte òg leivningane av St. Vitalis til Esslingen, noko som gjorde staden til eit mål for pilegrimar og som førte til at byen voks.
Rundt år 800 vart Esslingen ein kjøpstad og i 866 fekk han markedsrettar. Esslingen fekk byrettar i 1229 og vart i 1298 ein fri keisarby. Protestantismen vart innført i 1526. I 1803 mista Esslingen statusen sin som fri keisarby og vart ein del av hertugdømet Württemberg.
Esslingen slapp unna dei kraftige bombeåtaka under den andre verdskrigen og i 1945 vart han okkupert av amerikanske soldatar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Esslingen am Neckar» frå Wikipedia på engelsk, den 25. juni 2007.