Etiologi (gresk αἰτιολογία, aitiologia, ‘gje ein årsak for’, av αἰτία, aitia, ‘årsak’; og -λογία, -logia)[1][2] er læra om årsaker. Omgrepet vert nytta i filosofi, fysikk og biologi. I etiologien studerer ein kvifor fenomen oppstår og årsakene til kvifor dei utviklar seg som dei gjer. I medisin er etiologi studiet av årsakene til ulike sjukdommar.[3]

Kjelder

endre
  1. «Aetiology» i: Oxford English Dictionary, 2. utg., Oxford University Press. 2002. ISBN 0-19-521942-2.
  2. «etiology (n.)», Online Etymology Dictionary
  3. Nordbø, Børge; Roald, Borghild (25. februar 2024). «etiologi». Store medisinske leksikon (på norsk). 
  NODES