FA-cupfinalen i fotball 1956

FA-cupturneringa i fotball 1956 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London laurdag 5. mai 1956. Framfor 100 000 tilskodarar vann Manchester City FA-pokalen etter siger 3–1 over Birmingham City.

Kampen

endre

Manchester City kom framom då Joe Hayes skåra allereie i det 3. minutt, men Noel Kinsey skaffa balanse i stillinga etter 15. minutt. Vel eit kvarter ut i andre omgang kom to kjappe skåringar frå Manchester City-løparane Jack Dyson og Bobby Johnstone. Dermed vann Manchester City FA-trofeet for tredje gong, medan Birmingham i sin andre FA-cupfinale på ny måtte tole tap. Finalen vert særleg hugsa for den heltemodige innsatsen til Manchester City-målvakta, Bert Trautmann, som trass i at han braut eit bein i nakken då han kolliderte med ein Birmingham-spiss, fullførte kampen.

Vinnarlaget til Manchester City bestod av: Bert Trautmann, Bill Leivers, Roy Little, Ken Barnes, Dave Ewing, Roy Paul (kaptein), Bobby Johnstone, Joe Hayes, Don Revie, Jack Dyson og Roy Clarke.

Birmingham mønstra: Gil Merrick, Jeff Hall, Ken Green (kaptein), Johnny Newman, Trevor Smith, Len Boyd, Gordon Astall, Noel Kinsey, Eddy Brown, Peter Murphy og Alex Govan.

Domaren heitte Alf Bond.

Kjelder

endre
  NODES