FA-cupfinalen i fotball 2022
FA-cupfinalen i fotball 2022 fann stad på Wembley stadion i London den 14. mai med 84 897 tilskodarar på tribunane. Kampen mellom Liverpool FC og London-klubben Chelsea FC enda opp med straffesparktevling. Liverpool skåra på 6 av 7 straffespark, Chelsea skåra på 5.
Kampen
endreEtter 120 mållause minutt vart oppgjeret avslutta med straffeskyting. Av dei ti fyrste eksekutørane lukkast Alonso, James, Barkley, Jorginho Frello for Chelsea og Liverpool-skyttarane Milner, Thiago Alcântara, Formino og Alexander-Arnold, medan Azpilicueta feila for Chelsea og Mané for Liverpool. Deretter fann høvesvis Ziyech og Jota nettmauskane, før Liverpool-målvakta stoppa Mounts forsøk. Greskaren Tsimikas fekk så gleda å sikre at FA-pokalen vart med til Liverpool.
Liverpool sitt vinnarlag bestod av: Alisson Becker, Trent Alexander-Arnold, Ibrahima Konaté, Virgil van Dijk, Andrew Robertson, Naby Keïta, Jordan Henderson (kaptein), Thiago Alcântara, Mohamed Salah, Sadio Mané, Luis Díaz. Dessutan innbytarane Diogo Jota (33. minutt), James Milner (74.), Joël Matip (91.), Roberto Firmino (98.), Kostas Tsimikas (111.) Ut gjekk, etter tur, Salah, Keïta, Dijk, Díaz og Robertson.
Chelsea mønstra Édouard Mendy, Trevoh Chalobah, Thiago Silva, Antonio Rüdiger, Reece James, Jorginho Frello, Mateo Kovačić, Marcos Alonso, Mason Mount, Romelu Lukaku, Christian Pulisic. Utover i andre ordinære omgang kom så N'Golo Kanté og Hakim Ziyech i spel, César Azpilicueta, Ruben Loftus-Cheek og Ross Barkley entra kampen i andre ekstraomgang.
Dommaren heitte Craig Pawson.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «2022 FA Cup Final» frå Wikipedia på engelsk, den 21. mai 2022.