Fjelljo
Fjelljo (Stercorarius longicaudus) er ein fugl i jofamilien. Han hekkar sirkumpolart i arktiske strøk der det er tilgang på smågnagarar, og lever elles pelagisk i Atlanteren og i Stillehavet.
Fjelljo | |
Foto frå Spitsbergen Foto: Jerzy Strzelecki
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] Utbreiinga av fjelljo | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes |
Familie: | Jofamilien Stercorariidae |
Slekt: | Stercorarius |
Art: | Fjelljo S. longicaudus |
Vitskapleg namn | |
Stercorarius longicaudus |
Skildring
endreFjelljo er den minste av joane og blir kring 48–53 cm lang. Denne lenga inkluderer dei opp mot 22 cm lange midtre halefjørene.[2] Hannen veg typisk 280 g, medan hoa blir større og veg kring 310 g.[2] Vengespennet utgjer typisk cirka 105–117 cm.[2]
Hekkedrakta er forholdsvis lys grå og hvit, medan vinterdrakten er mørkare brun. Dei midtre halefjørene er forlenga og blir tapte med vinterdrakten. Fjørdrakten til ungfuglar er brunleg spetta. Vaksne fuglar har mørk hette på hodet. Kjønna er like på utsjånad.
Leveområde og levesett
endreFjelljo hekkar i fjellet, men kan elles finnast langt til havs. Egga er olivenfarga med flekkar. Det er vanleg at joen legg to egg, og dei blir ruga ut av begge foreldra. Ungane blir også tekne vare på av begge foreldra fram til dei klarer seg på eiga hand – cirka 6 veker etter klekking. Fjelljoen forsvarar reir og ungar utan frykt.
I hekketida et fuglen lemen og andre smågnagarar. Er det dårleg tilgang på smågnagarar lar han gjerne vera å hekka. Elles lever han på fisk og annan mat frå havet. Han kan også gjerne stela mat frå andre fuglar og eta ungane til andre fuglar.
Fjelljoen hekkar i fjellet i heile Noreg, og heilt ned til kysten i Finnmark. Færre enn 100 individ hekkar på Svalbard. Svalbard-bestanden er lista i kategorien sårbar (VU) på den norske raudlista for artar.[3]
Trekktilhøve
endreFjelljo hekkar i arktiske til høgarktiske område og dei rører seg vekk få hekkeområdet innan sommaren er over. Kunnskap om trekktilhøva er ikkje fullstendige, utanom hekketida blir dei generelt observerte i flokkar til havs, både i Atlanteren og Stillehavet, men langt meir sjeldan nær kystar. Felles for alle populasjonar er at dei typisk trekker ut til havs frå hekkeområdet, over land berre for å ta snarvegar, til dømes når fuglar som hekkar i skandinaviske fjell nokre gongar kan trekke høgt over Dei britiske øyane på veg ut i eller inn frå Atlanteren.[2]
Forskarar har samla inn data som indikerer trekkmønster for populasjonar som hekkar nord for Atlanterhavet. Datainnsamlinga skjedde med hjelp av lysloggar festa på fuglane, og forskarane brukte hekkefuglar på Nordaust-Grønland, Svalbard og i Skandinavia. Tolka data syner at dei undersøkte fjelljoane flaug sørover omtrent midthavs i Nord-Atlanteren, typisk tok dei ein pause for å søkje næring nord i Atlanteren ikkje langt frå Newfoundland og så dreide mot vestkysten av Afrika. Vinteropphaldsområdet synte seg å vere typisk sør for ekvator og vest eller sør for kysten av Angola sørover til Sør-Afrika, delvis òg aust for Kapp det gode håp og nordover mot Madagaskar.[4][5] Det svarar til næringsrike område i den nordgåande Benguelastraumen langs vestkysten av sørlege Afrika, og inn i Agulhasstraumen frå Det indiske havet. Tilsvarande trekkmønster og vinteropphaldsområde er funne for fjelljo som hekkar i nordaustre Canada.[6] Likeins har ein funne at fjelljo som hekkar i Alaska trekker sørover til havs utanfor kontinentalsokkelen.[2]
Galleri
endre-
Fjelljo-egg
-
Fjelljo på reir
-
Fjelljo som landar
-
Fjelljo på Svalbard
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Fjelljo» frå Wikipedia på bokmål, den 26. januar 2021.
- Referansar
- ↑ Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av fjelljo Stercorarius longicaudus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 10. mars 2022.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Wiley, R.H. og D.S. Lee (2020). Long-tailed Jaeger (Stercorarius longicaudus), version 1.0. In Birds of the World (red. S.M. Billerman). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA.
- ↑ Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av fjelljo Stercorarius longicaudus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 14. desember 2021
- ↑ Gilg O, Moe B, Hanssen SA, Schmidt NM, Sittler B, et al. (2013) Trans-Equatorial Migration Routes, Staging Sites and Wintering Areas of a High-Arctic Avian Predator: The Long-tailed Skua (Stercorarius longicaudus). PLOS ONE 8(5): e64614. https://doi.org/10.1371/journal.pone.0064614
- ↑ van Bemmelen, Rob, et al. Flexibility in otherwise consistent non-breeding movements of a long-distance migratory seabird, the long-tailed skua. Marine Ecology Progress Series 578 (2017): 197-211. https://doi.org/10.3354/meps12010
- ↑ Seyer, Yannick, et al. Seasonal variations in migration strategy of a longdistance Arctic-breeding seabird. Marine Ecology Progress Series 677 (2021): 1-16. https://doi.org/10.3354/meps13905