Fred Astaire, fødd Frederick Austerlitz (10. mai 189922. juni 1987) var ein nordamerikansk filmskodespelar, scenedansar og songar.

Fred Astaire

Statsborgarskap USA
Fødd 10. mai 1899
Omaha
Død

22. juni 1987 (88 år)
Los Angeles

Yrke filmskodespelar, koreograf, songar, dansar, filmprodusent, teaterskodespelar, stemmeskodespelar, programleiar, fjernsynsskodespelar, produsent, perkusjonist, skodespelar, ansvarlig produsent, TV-produsent
Språk engelsk
Høgd 177 centimeter
Politisk parti Det republikanske partiet
Medlem av American Theatre Hall of Fame
Far Fritz Austerlitz
Mor Ann Astaire
Ektefelle Phyllis Livingston Potter, Robyn Smith
Fred Astaire på Commons
Fred Astaire

I 1917 dansa han på Broadway i New York med søster si Adele som partnar. Dei to braut gjennom i 1918 og vart svært populære i både London og New York kor dei var med i musikalar som Lady Be Good (1924) og The Band Wagon (1931). Då søster Adele Astaire trekte seg tilbake frå dansen for å gifta seg i 1932, reiste Fred til Hollywood.

Fred Astaire debuterte som filmskodespelar i Dancing Lady (1933); her hadde han ei lita rolle som seg sjølv. I filmen Flying Down to Rio (1933) starta det svært så suksessfulle samarbeidet Astaire hadde med Ginger Rogers.

Dette var starten på eit mangeårig samarbeid; dei to spelte saman i mellom andre filmane Top Hat (1935), Swing Time (1936) og Shall We Dance (1937).

Spire Denne filmartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


  NODES