Fritid er tidsrom der ein har fri frå arbeid, utdanning eller andre pålagde oppgåver, og kan gjera det ein sjølv vel. Ein kan knyta ulike gjeremål, opplevingar og stader til fritid gjennom omgrep som «fritidssyssel», «fritidsaktivitet» og «fritidsbustad». Ein kan også skilja fritid frå anna tid gjennom å bruka fritidsklede i staden for til dømes arbeidsantrekk. Ein kan skilja mellom stillesitjande fritidsaktivitetar som handarbeid, hobbysamling, lesing og mediabruk og meir aktiv fritid som friluftsliv og idrett.

På fritida kan ein til dømes byggja og køyra ei seglvogn. Bilde frå Brooklyn på 1910-talet.

Mange organiserer seg i grupper og lag for å driva fritidssyslane sine. Ein kan også driva med frivillig arbeid i fritida.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  Denne samfunnsartikkelen som har med underhaldning å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES