Fuglar etter klassifisering

Alle verdas nolevande fugleartar kan delast inn i hierarkiske grupper etter klassisk, evolusjonær systematikk. Oversynet i lista under viser alle biologiske ordenar og familiar. Kvar familie er igjen delt inn i slekter og artar, men dette er ikkje vist her.

Utviklingstre for fuglar, som er delte inn i ordenar og familiar etter evolusjonært slektskap.

Rekkefølgja av familiane og talet på artar er etter IOC-verdslista forvalta av Frank Gill og David Donsker på vegne av International Ornithological Committee (IOC).[1]

Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[2] 2024-revisjonen av IOC-verdslista tar med 11 032 nolevande artar totalt, desse er plasserte inn i 44 ordenar, 252 familiar og 2347 slekter.

Paleognath kjem frå gammalgresk og tyder 'gammal kjeve' med referanse til skjelettanatomien av ganen, som er skildra som meir primitiv og krypdyrliknande enn hos andre fuglar. Her er til saman rundt 60 strutseliknande fuglar og tinamufuglar i denne gruppa:

 
Slettestruts (Struthio camelus) høyrer til strutsefamilien.

Strutsar - Struthioniformes

endre
  • Strutsefamilien, Struthionidae: to artar av store flygeudyktige fuglar som er heimehøyrande i austlege Afrika, tidlegare òg i Midtausten. Verdas største nolevande fuglar.

Nanduar - Rheiformes

endre
  • Nandufamilien, Rheidae: to store artar utan flygeevne, begge lever i Sør-Amerika.

Kiviar - Apterygiformes

endre
  • Kivifamilien, Apterygidae; fem fugleartar utan flygeevne, endemiske til New Zealand. Små strutsefuglar, varierer frå 25 cm til 45 cm i høgd.

Kasuarfuglar - Casuariiformes

endre
  • Kasuarfamilien, Casuariidae: fire særs store nolevande strutsefuglar utan flygeevne. Utbreiinga av kasuarar er i hovudsak Ny-Guinea, men òg nærliggande øyar, dessutan finst ein art i nordaustlege Australia. Emu er den største fuglen på det australske kontinentet, og den nest største fuglen i verda rekna etter høgd.

Tinamuar - Tinamiformes

endre
  • Tinamufamilien, Tinamidae: Rypeliknande gravande fuglar, 46 fugleartar i Sentral-Amerika og Sør-Amerika. Bakkelevande og svake flygarar. Minner om hønsefuglar med kort hale og korte, breie venger.

Neognathae

endre
 
Ender høyrer til andefamilien

Mest alle levande fuglar i verda er ein del av superordenen Neognathae. Sporvefuglar aleine utgjer ca.6570 artar.

Andefuglar – Anseriformes

endre
  • Gjetarfuglfamilien, Anhimidae: Dei tre artane i familien finst berre i Sør-Amerika, frå Venezuela til nordre Argentina. Dette er store klumpete fuglar med lite hovud, lange bein og lange tær.
  • Skjorgåsfamilien, Anseranatidae: Skjorgås er monotypisk i familien, tidlegare medlem av andefamilien
  • Andefamilien, Anatidae: Svaner, gjæser og ender samlar ca. 165 artar på alle kontinenta i verda bortsett frå Antarktis, symjehud, tilpassa for symjing på vassoverflata, og i nokre tilfelle dukking. Varierer i storleik frå 26 til 183 cm.

Hønsefuglar – Galliformes

endre
 
Fuglar frå dukkarfamilien

Natteramnar – Caprimulgiformes

endre
  • Natteramnfamilien, Caprimulgidae: Dei nær 100 typiske natteramnane og natthaukane er mellomstore nattlege fuglar med lange venger, korte bein, kort nebb, mjuk og kamuflerande fjørdrakt.

Feittfuglar – Steatornithiformes

endre
  • Feittfuglfamilien, Steatornithidae: Ein art, feittfugl er ein slank og langvenga fugl med ei kroppslengd på om lag 45 cm. Kan navigere inn i grotter med ekkolokalisering.

Potuar – Nyctibiiformes

endre
  • Potufamilien, Nyctibiidae: Dei sju fugleartane i den biologiske slekta Nyctibius er nattfuglar og insektetarar. Om dagen sit dei på ein trestubb kamuflert som ein del av stumpen.

Froskemunnar – Podargiformes

endre
 
Topptreseglarpar frå treseglarfamilien
Foto: J.M.Garg

Uglesvaler – Aegotheliformes

endre
  • Uglesvalefamilien, Aegothelidae: Små nattaktive fuglar i ei slekt Aegotheles med dei ni artane i familien. Dei fleste lever på Ny-Guinea. Insektetarar. Fjørdrakta er mjuk i kamuflerande farger.

Seglarfuglar – Apodiformes

endre
  • Treseglarfamilien, Hemiprocnidae: Dette er fire insektetande artar av seglarfuglar knytt til skogshabitat, India og Søraust-Asia via Indonesia til Ny-Guinea og Salomonøyane. Frå 15 til 30 cm i lengd.
  • Seglarfamilien, Apodidae: Små, insektetande fuglar som er særs godt tilpassa eit liv i lufta, meir enn 110 artar spreidd i alle tropiske til tempererte område.
  • Kolibrifamilien, Trochilidae: Kolibriar er endemisk for Amerika. Dette er særs små og fargeglinsande, nektaretande fuglar som kan sveve, 'stille', i lufta med 15 til 80 vengeslag i sekundet. Kolibriar er ein stor familie på ca. 365 medlemmar.

Turakoar – Musophagiformes

endre
  • Turakofamilien, Musophagidae: 23 mellomstore artar med særmerkte føter, ofte tydelege fjørkammar på hovudet, lange halar, er òg kjente for særeigne og heilt unike pigment som gjev dei lyse grøne og raude fjørene.

Trappar – Otidiformes

endre

Gaukefuglar – Cuculiformes

endre
  • Gaukefamilien, Cuculidae: Nær 150 mellomstore, slanke artar som lever i tre, med eit vesentleg mindretal som lever på eller nær bakken. Mange artar er kjente for å legge egg i reir av andre fuglar.

Mesittar – Mesitornithiformes

endre

Sandhøns – Pterocliformes

endre
  • Sandhønsfamilien, Pteroclidae: 16 fugleartar med små, dueliknande hovud og nakke, med solid kompakt kropp. Varierer i storleik frå 24 til 40 cm i lengd, lever på opne sletter og halvørkenar i den «den gamle verda». Dei har kamuflerande fjørdrakt.

Duefuglar – Columbiformes

endre

Tranefuglar – Gruiformes

endre

Dukkarar – Podicipediformes

endre
  • Dukkarfamilien, Podicipedidae: Dukkarar er 20 små til middels store vassfuglar, dei har hudlappar som gjer dei vel skikka til å symje og dukke. Føtene er festa langt tilbake på kroppen, så fuglane har vanskar med å gå.

Flamingoar – Phoenicopteriformes

endre
  • Flamingofamilien, Phoenicopteridae: Flamingoar er seks artar av selskaplege fuglar med særs lange bein og lang hals som vadar. Dei er mest talrike på den austlege halvkula. Det finst fire artar i Amerika og to artar i «den gamle verda».
 
Raudflikbladhøne (Jacana jacana). Juvenil fugl frå bladhønsfamilien
Foto: Dario Sanches
 
Teist (Cepphus grylle) frå alkefamilien
Foto: Brette Soucie, US FWS)
  • Springvaktelfamilien, Turnicidae: 17 artar på varmt grasland i Asia, Afrika og Australia, dei er små, lite synlege fuglar som helst spring på bakken framfor å flyge
  • Trielfamilien, Burhinidae: Ti artar fuglar i to slekter. Familien samlar ei gruppe av hovudsakleg tropiske fuglar. Dei finst i tropisk sone over heile verda.
  • Slirenebbfamilien, Chionididae: To artar av kvite, klumpete og dueaktige fuglar knytt til Antarktis og øyane i Sørishavet.
  • Gulpesnipefamilien, Pluvianellidae: Ein art, gulpesnipe, sjeldan og særeigen vadefugl som berre finst i det sørlegaste Sør-Amerika, liknar steinvendar i struktur og i levemåte.
  • Tjeldfamilien, Haematopodidae: 11 artar i ei slekt, alle med stor likskap i storleik og utsjånad.
  • Ibisnebbfamilien, Ibidorhynchidae: Ein art, ibisnebb, vadefugl som lever på elvebreiddene i høglandet av Sentral-Asia og Himalaya.
  • Avosettfamilien, Recurvirostridae: Ti artar vadefuglar, samlar to distinkte undergrupper, avosettar og stylteløparar. Representantar finst på alle kontinent unntatt på Antarktis.
  • Lofamilien, Charadriidae: Nær 70 artar loar, boltitar og viper, små til mellomstore vadefuglar med kompakt kropp, kort, tjukk hals og lange, vanlegvis spisse venger.
  • Krokodillevaktar, Pluvianidae: Ein vadefugl med leveområde i tropisk Afrika sør for Sahara som hekkar på sandbankar av særs store elver.
  • Riksesnipefamilien, Rostratulidae: Tre artar i to slekter, liknar ekte sniper. Afrika, India og Søraust-Asia, Australia og sørlege Sør-Amerika.
  • Bladhønsfamilien, Jacanidae: Åtte artar tropiske vadefuglar, karakteristisk er enorme føter og klør som gjer dei i stand til å vandre rundt på flytande vegetasjon på grunne innsjøar.
  • Slettevandrarfamilien, Pedionomidae: Ein art på det australske kontinent, slettevandrar, liten vadefugl, litt slankare enn ein vaktel.
  • Rypesnipefamilien, Thinocoridae: Rypeliknande fuglar, familien er delt i to slekter, Attagis og Thinocorus, kvar med to artar. Familien har søramerikansk distribusjon, i regionane Andes og Patagonia.
  • Snipefamilien, Scolopacidae: Ca. 90 artar sniper og spovar.
  • Krabbeetarfamilien, Dromadidae: Ein art, krabbeetar, nyttar varme frå bakken som rugevarme til egga, liknar loar, men har særs lange, grå bein og eit tjukt, kraftig svart nebb.
  • Brakksvalefamilien, Glareolidae: 17 artar i seks slekter, samlar to distinkte undergrupper, brakksvaler og løparar.
  • Måsefamilien, Laridae: Dei fleste lever ved kyst og hav, utbreidd over heile verda, 103 artar gruppert i 23 slekter.
  • Jofamilien, Stercorariidae: Sju artar, har kraftige og krokete nebb, spisse venger og forlenga midtre halefjør
  • Alkefamilien, Alcidae: Familien har 24 artar fordelt på 10 slekter, alle med leveområde i relativt nordlege, kalde område. Seks av artane lever i Nord-Atlanteren

Solrikser og kaguar – Eurypygiformes

endre
  • Rhynchotidae: Kagu er monotypisk i familien. Han er endemisk for Ny-Caledonia.
  • Eurypygidae: Solriksa finn ein normalt nær elvar og bekker i skogsvegetasjon i lågland opp til 900 moh. i Amerika.

Tropikkfuglar – Phaethontiformes

endre
  • Tropikkfuglfamilien, Phaethontidae: Tropikkfuglar er tre tropisk pelagiske artar i slekta Phaeton.

Lommar – Gaviiformes

endre
 
Bøylepingvin (Pygoscelis papua) er eit medlem av den symjande pingvinfamilien
Foto: Flickr-brukar Debs

Pingvinar – Sphenisciformes

endre
  • Pingvinfamilien, Spheniscidae: Finst på den sørlege halvkula. Har mista flygeevna, men er særs gode symjarar. Forlemmene fungerer som luffar under vatn. 18 artar i seks slekter.
 
Snøpetrell er ein av artane i stormfuglfamilien
Foto: Google-brukar TheBrockenInaGlory

Stormfuglar – Procellariiformes

endre

Storkar – Ciconiiformes

endre
  • Storkefamilien, Ciconiidae: 20 artar av store fuglar, spreidde i alle verdsdelar unntatt Antarktis. Det karakteristiske for desse fuglane er lang hals, lange kraftige bein og langt nebb.
 
Hann av praktfregattfugl, som høyrer til fregattfuglfamilien
Foto: Wikipedia-brukar NorthernLight

Sulefuglar – Suliformes

endre
  • Fregattfuglfamilien, Fregatidae: Det er klassifisert fem artar av tropiske pelikanfuglar i ei slekt, Fregata. Dei vert òg kalla piratar.
  • Sulefamilien, Sulidae: Suler er ti artar av sjøfuglar som stupdukkar etter fisk ved kystar og på ope hav.
  • Slangehalsfamilien, Anhingidae: Fire artar, dei er nære slektningar av familien skarvar som dei ofte vert klassifisert saman med.
  • Skarvefamilien, Phalacrocoracidae: Skarvar er omtrent 40 sjøfuglartar som lever av fisk ved kystar og i vassdrag. Dei finst på alle kontinent, med unnatak av dei sentrale stillehavsøyar.
 
Raudkroneibis (Geronticus calvus) frå ibisfamilien
Foto: Wikimedia-brukar A.jo
  • Ibisfamilien, Threskiornithidae: omfattar 35 artar av store vassfuglar med to undergrupper, ibisar og skeistorkar.
  • Hegrefamilien, Ardeidae: Hegrar er ei gruppe av nær 70 artar, dei fleste er knytt til våtland. Klassifisering av dei enkelte artane i gruppa er vanskeleg og omstridt.
  • Skuggefuglfamilien, Scopidae: Ein art, skuggefugl, ein mellomstor storkefugl i Afrika. Dette er ein fugl som vadar i våtmarkshabitat ved kyst, på savannar og i skog.
  • Treskonebbfamilien, Balaenicipitidae: Ein art, treskonebb, særs store fuglar i Aust-Afrika
  • Pelikanfamilien, Pelecanidae: Pelikanar er mykje store fuglar med ei spesiell utforming av nebbet som har ein hudpung på undersida som kan nyttast som håv.

Hoatzinar – Opisthocomiformes

endre
  • Hoatzinfamilien, Opisthocomidae: Hoatzin, er ein mykje spesiell art av tropiske fuglar funne i sumpar, elvenær skog og i mangroveskog i nedslagsfeltet av Amazonaselva og Orinoco i Sør-Amerika. Hoatzin er einaste nolevande art i familien Opisthocomidae, han er òg kalla sigøynarfugl.
 
Flygande skogkondor (Cathartes melambrotus) frå kondorfamilien
Foto: Sidnei Dantas

Haukefuglar – Accipitriformes

endre

Ca. 265 dagaktive rovfuglar som lever av byttedyr eller åtsel. Dei nattaktive Strigiformes, ugler, er ikkje rekna med som rovfuglar.

 
Hann og ho av bengaltrappe (Houbaropsis bengalensis) frå trappefamilien
 
Amerikahubro og hovdingugle frå uglefamilien

Ugler – Strigiformes

endre
  • Tårnuglefamilien, Tytonidae: Slørugler er ei gruppe på 20 artar, vidt spreidd, men finst ikkje i store delar av Asia. Dei lever i eit breitt spekter av habitat frå ørken til skog, og frå tempererte breiddegradar til tropane.
  • Uglefamilien, Strigidae: Omtrent 230 små til mellomstore predatorar med kort, krokete nebb, stort hovud, sterkt utvikla syn og høyrsle, og er for det meste nattaktive.

Musfuglar – Coliiformes

endre
  • Musfuglfamilien, Coliidae: Musfuglar er ei lita gruppe på seks artar i to slekter som ikkje står nært andre grupper, men det kan vere dei står nærare papegøyar enn andre. Distribusjonen er avgrensa til Afrika sør for Sahara, og Coliiformes er einaste ordenen som berre finst på dette kontinentet.

Kurolar – Leptosomiformes

endre
  • Kurolfamilien, Leptosomidae: Ein art, kurol. Han lever på Madagaskar og Komorane, har lite fargesterk fjørdrakt. Nebbet er tjukt og auga sit langt tilbake i andletet. Beina og føtene er små.

Trogonar – Trogoniformes

endre
  • Trogonfamilien, Trogonidae: Trogonar og ketsalar. Beste kjenneteikn på artar i familien er at dei har eit arrangement av tærne som ingen andre dyr: tå nummer tre og fire peikar framover, medan nummer ein og to peikar bakover. Gruppa på 46 artar har habitat i tropisk skog i heile verda, med størst mangfald i Sentral- og Sør-Amerika.

Horn- og hærfuglar – Bucerotiformes

endre
  • Hærfuglfamilien, Upupidae: Tre artar, hærfugl i Euroasia og Nord-Afrika har ein karakteristisk og kraftig farga fjørdrakt i svart, kvitt og oransje, kan reise ein fjørkam på hovudet, arten kanelhærfugl lever i Afrika sør for Sahara. Madagaskarhærfugl har stor likskap med dei to andre artane.
  • Kakelarfamilien, Phoeniculidae: Ni artar som lever i Afrika sør for Sahara, dei har iriserande fjørdrakt, ofte blå, grøn eller lilla, manglar kam på hovudet lik den hærfuglar har.
  • Maskehornramnfamilien, Bucorvidae: Maskehornramnar er store fuglar, dei vaksne rundt ein meter høge. Begge artane er bakkelevande i Afrika sør for Sahara, lever av insekt, slangar, andre fuglar, amfibium og skilpadder.
  • Hornfuglfamilien, Bucerotidae: Over 60 artar med utbreiing i tropisk og subtropisk Afrika og Asia. Kjenneteiknet for hornfuglar er eit kraftig og nedbøygd nebb som ofte har klåre farger og som kan ha ein utvekst på oversida av overnebbet.

Råkefuglar – Coraciiformes

endre
  • Råkefamilien, Coraciidae: 13 artar, liknar kråker i storleik og kroppsbygging, og deler den fargerike utsjånaden med isfuglar og bietarar, der blått og rosa eller kanelbrunt er dominerande fargar. Råkar lever i varmare delar av «den gamle verda», dei fleste i Afrika.
  • Markråkefamilien, Brachypteraciidae: Fem artar endemisk for Madagaskar, som liknar råkar, samanlikna med råkar er markråkar mindre fargerike, og dei har stripete eller flekka fjørdrakt.
  • Isfuglfamilien, Alcedinidae: Isfuglfamilien, Alcedinidae, er ei gruppe på nær 120 artar i 19 slekter av særs fargerike fuglar med korte og syndaktyle føter, dei fleste har langt, kraftig og rettpeikande nebb. Det største artsmangfaldet i isfuglfamilien finn vi i tropiske og subtropisk område i alle verdsdelar.
  • Todifamilien, Todidae: Fem artar av små, fargerike fuglar som lever i Karibia.
  • Motmotfamilien, Momotidae: Motmotar, Momotidae, er ein familie som lever i den neotropiske regionen. Familien samlar 14 artar med fargerik fjørdrakt og relativt kraftig nebb, alle unntatt ein art, har lang hale med to sentrale halefjør forma som rekkertar.
  • Bietarfamilien, Meropidae: 31 artar med fargesterke fjørdrakt, slanke kroppar, og vanlegvis langstrakte sentrale halefjør, dei fleste artane lever i Afrika.
 
Kvitskjeggdovenfugl (Malacoptila panamensis) frå dovenfuglfamilien
Foto: Steve Ryan

Spettefuglar – Piciformes

endre
  • Jakamarfamilien, Galbulidae: Jakamarar er 18 små til mellomstore fuglar frå 14 til 34 cm lange. Dette er skinande elegante fuglar med langt nebb og lang stjert. Jakamarar, lever i Sør-Amerika og Sentral-Amerika nord til Mexico.
  • Dovenfuglfamilien, Bucconidae: Dovenfuglar er små og tjukkfalne. I kroppsforma liknar dei mykje på jakamarar, men manglar dei glansfulle fargene til jakamarar. Lever i regionen frå Sør-Amerika nord til Mexico. Dei 38 artane av dovenfuglar er nærmast relatert til jakamarar.
  • Skjeggfuglar er runde i kroppsforma, med kort hals og stort hovud. Ved nebbrota har dei lange bustete fjør som har gjeve namn til familien. Dei fleste artane har sterke farger og lever i tropisk skog. Familiar:
  • Asiaskjeggfuglar, Megalaimidae: 35 artar skjeggfuglar som lever i skogshabitat i området frå Tibet til Indonesia. Himalayaskjeggfugl er største skjeggfugl på ca. 33 centimeter.
  • Afrikaskjeggfuglar, Lybiidae: 42 artar av afrikanske skjeggfuglar, inkludert 9 koparslagarar. Vanlegvis 20-25 cm lange, fyldige utsjånad, med store hovud, og nebb med taggete kant. Koparslagarar ned til 9 cm i lengd.
  • Voksetarfamilien, Indicatoridae: Voksetarar har fjørdrakt i avdempa farger, med somme unnatak for artar med lys gul fjørdrakt. Dei 16 artane lever i den tropiske delen av «den gamle verda».
  • Spettefamilien, Picidae: Totalt ca. 240 artar spettar, pikulettar og vendehalsar, nærskylde sporvefuglar. Finst over heile verda med skogshabitat, unntatt Australia og New Zealand, Madagaskar, nokre få artar er kjente for å leve i trelause område som steinete åssider og ørkenar. Insekt og larver er viktige byttedyr.
 
Flygande fagerkakadu (Cacatua leadbeateri) frå kakadufamilien
Foto: Richard.Fisher

Seriemaer – Cariamiformes

endre
  • Seriemafamilien, Cariamidae: To store artar som lever i sentrale og austlege Sør-Amerika. Dei har lange bein, lang hals og hale, men korte venger og er svake flygarar. Dei finst i område med tørre opne grasland og opent skogslandskap.

Falkefuglar – Falconiformes

endre
  • Falkefamilien, Falconidae: Falkar er ei gruppe på over 60 artar som liknar på haukar, dei er utbreidde over det meste av verda.

Papegøyefuglar – Psittaciformes

endre

Papegøyefuglar er ei gruppe med nær ved 370 fugleartar spreidd i dei fleste varme og tropiske område i verda, men det største mangfaldet finn vi i Sør-Amerika og i Australasia. Dei karakteristiske trekka ved desse fuglane inkluderer eit sterkt krumma nebb, oppreist haldning, kraftige bein og klør. Beina har to tær framover og to bakover, (zygodaktyl).

  • Kakapofamilien, Strigopidae, er tre papegøyar på New Zealand, dei tre artane er kea, kaka og kakapo, alle endemiske til New Zealand.
  • Kakadufamilien, Cacatuidae: 22 store papegøyar med hovudsakleg australasiatisk distribusjon, frå Filippinane og dei austlege indonesiske øyane til Ny-Guinea, Salomonøyane og Australia. Kakaduer er kjenneleg på den prangande fjørtoppen og det strerkt bende nebbet, ofte ein hanekam som kan slåast opp.
  • Parakittar, overfamilie Psittacoidea: utbreidde over heile den sørlege halvkula, og dekker mange ulike habitat, frå dei fuktige tropiske skogane til ørkenar i innlandet av Australia, inkluderer òg India, Søraust-Asia og Vest-Afrika. Største populasjonane finn ein i Australasia, Sør-Amerika og Mellom-Amerika.

Sporvefuglar – Passeriformes

endre

Sporvefuglar samlar meir enn halvparten av alle fugleartane i verda. Ordenen er delt inn i tre underordenar. Revisjon av IOC-lista frå 2024 listar 6 658 nolevande sporvefuglar totalt, desse er delt inn i 144 familiar og 1348 slekter.

 
Nymfepitta (Pitta nympha) i pittafamilien
Foto: Alder Share
  • Klatresmettfamilien, Acanthisittidae: Liten familie som tidlegare var representert med seks artar i fire-fem slekter, berre to (tre) artar har overlevd fram til i dag. For det meste insektetarar i skogshabitat, den sårbare fjellklatresmetten er avgrensa til alpine område. Familien er endemisk for New Zealand.
Eurylaimides - familiar i «den gamle verda»
endre
  • Sapayoafamilien, Sapayoidae: ein einaste art sapayoa, lever i regnskogar i Panama og nordveste Sør-Amerika
  • Asitifamilien, Philepittidae: Fire små artar på Madagaskar, nært i slekt med breinebb, av somme rekna som del av breinebbfamilien.
  • Breinebbfamilien, Eurylaimidae: Liten familie, 10 artar, breinebb lever i tett, bladfylt, våt skog, slik at dei kan skjule seg trass fargerik fjørdrakt.
  • Grønbreinebbfamilien, Calyptomenidae: 6 artar i 2 slekter
  • Pittafamilien, Pittidae: Tre slekter med totalt 46 artar, dei fleste lever i Asia, men somme òg i Afrika og Oseania, høvesvis. Små til mellomstore, 15 til 25 centimeter i lengd, og tettbygde, med lange sterke bein og lange føter. Dei har særs kort hale og tjukt, litt nedbøygd nebb. Mange, men ikkje alle, ha fargerik fjørdrakt.
Tyrannides - familiar i Amerika
endre
 
Saksetyrann (Tyrannus forficatus) frå tyrannfamilien
Foto: Gary Kramer, US FWS
  • Omnfuglfamilien, Furnariidae: Omnfuglar er ca. 320 artar i subtropisk og tropisk Sentral-Amerika og Sør-Amerika. Dei er små til mellomstore fuglar. Kvar einskild art kan vere spesialisert for ein habitattype, til saman dekkjer dei praktisk talt alle neotropiske habitat.
  • Maurfuglfamilien, Thamnophilidae: Maurfuglar, gruppe på nær 240 artar og inneheld maurvarslarar, maursmettar, maurvireoar, gloaugo, maurvaktarar og grovnebb. Dei er nært relaterte til artar i maurriksefamilien, tapakuloar og spesielt myggetarar.
  • Maurriksefamilien, Formicariidae: Maurrikser er ein familie av 12 skogsfuglartar som lever av insekt nær eller på bakken, mange er spesialiserte mauretarar.
  • Maurpittafamilien, Grallariidae: 70 artar knytt til skogbotn i lågland og tåkeskog i subtropisk og tropisk Sentral-Amerika og Sør-Amerika. Dei varierer i storleik frå ca. 10 centimeter til 24 centimeter.
  • Myggetarfamilien, Conopophagidae: Myggetarar er ei gruppe på 12 artar i to slekter. Dei har habitat i underskog, i bambuskratt, på skogbotnen lågt i Amazonasbassenget og i litt høgare nærliggande terreng.
  • Tapakulofamilien, Rhinocryptidae: Tapakuloar er 65 små til mellomstore terrestriske fuglar i Sør-Amerika. Dei har korte venger, kraftige bein, godt egna til livet på grassletter og i underskog. Stjerten er oppreist.
  • Månesmettfamilien, Melanopareiidae: Fem artar i Sør-Amerika, frå 14 til 16 centimeter, har relativt lange stjertar. Fjørdrakta er slåande med eit særeige band over brystet som gjev gruppa namnet.
  • Tyrannfamilien, Tyrannidae: Dette er største fuglefamilien med 446 artar, han har utbreiing utelukkande i «den nye verda», dei fleste er flugesnapparar, insektetarar.
  • Kotingafamilien, Cotingidae: Kotingaer er ei gruppe på ca. 66 artar i Sentral-Amerika og Sør-Amerika. Inkluderer fargerike og merkelege artar som gullklippehane. Dei lever i skoghabitat eller i utkanten av skog og har ein diett av frukt.
  • Manakinfamilien, Pipridae: Manakinar er ein familie med omkring 55 artar av små sporvefuglar. Familien har utbreiing i tropisk Amerika.
  • Tityrafamilien, Tityridae: 44 små til mellomstore fuglar i neotropisk skogshabitat. Dei fleste har relativt korte stjert og stort hovud. Gruppa inkluderer skarpnebb, bekardar, despotfuglar, sørgjefuglar og duskkotingaer.
 
Praktlyrehale (Menura novaehollandiae) frå lyrehalefamilien
Foto: Wikimedia-brukar Attis1979
  • Lyrehalefamilien, Menuridae: Lyrehalar er mest kjent for uvanlege evner til å herme både naturlege og unaturlege lydar i omgjevnadene sine. To artar som lever i skog i sørlege Australia
  • Krattfuglfamilien, Atrichornithidae: To artar av særs sjeldne, sky, tilbaketrekte, bakkelevande sporvefuglar: rustkrattfugl og larmkrattfugl. Begge er endemiske til Australia.
  • Gartnarfamilien, Ptilonorhynchidae: Gartnarar eller lauvhyttefuglar er 28 fugleartar mellomstore sporvefuglar med variasjon i storleik frå 22 til 40 cm. Utbreiing hovudsakleg sentrert rundt tropiske regionar av Ny-Guinea og nordlege Australia. Gartnarar er mest kjente for den unike åtferda si på spelplassen, der hannar byggjer ein overbygd konstruksjon, ei «lauvhytte», og dekorerer ho med kvister og fargerike objekt i strevet på å trekkje til seg ein make.
  • Borkkryparfamilien, Climacteridae: Borkkryparar, eller australtrekryparar, er sju middels små, for det meste brune fuglar med mønster på undersida. Papuaborkkrypar lever på Ny-Guinea, alle andre er endemiske til Australia. Dei liknar, men er ikkje nærskylde til holarktiske trekryparar.
  • Alvesmettfamilien, Maluridae: Små, insektetande fuglar endemiske til Australia og Ny-Guinea. Familien samlar over 30 artar, inkludert tre emusmettar og ti grassmettar.
  • Honningetarfamilien, Meliphagidae: Honningetarar og dei australske honningskvettar utgjer familien Meliphagidae. Totalt er det ca. 195 artar, omtrent halvparten av dei i Australia, mange av dei attverande finst på Ny-Guinea, og nokre få på New Zealand og Stillehavsøyar. Sjølv om honningetarar liknar på og oppfører seg mykje likt andre nektaretande sporvefuglar rundt om i verda slik som solfuglar og blomsterfuglar, er dei ikkje relatert, og likskapane er konsekvensen av konvergent evolusjon. Mindre medlemmer av familien 'stiller' som kolibriar for å samle nektar frå tid til annan.
  • Børstefuglfamilien, Dasyornithidae: Tre mellomstore artar i éi slekt, Dasyornis, endemisk for Australia. Børstefuglar er langhala, stillesittande og bakkelevande.
  • Diamantfuglfamilien, Pardalotidae: Diamantfuglar er fire artar små, fargerike sporvefuglar avgrensa til Australia. Dei varierer frå 8,5 til 12 cm i lengd.
  • Tornsmettfamilien, Acanthizidae: Over 60 små til middels store artar av sporvefuglar i Australasia som inkluderer mellom anna gerygonar, musesmettar og krattsmettar.
  • Larmtrastfamilien, Pomatostomidae: Fem små til mellomstore artar i slekta Pomatostomus, endemisk for regionen Australia og Ny-Guinea. Larmtrastar er bakkelevande fuglar med mørke fjørdrakter og lange, nedbøygde nebb.
  • Skraphalefamilien, Orthonychidae: Tre fugleartar som utgjer slekta Orthonyx, endemiske til Australia og Ny-Guinea. Kjenneteiknet for skraphalar er brei, kraftig stjert med stive fjørskaft slik at dei kan stø seg på stjerten.
 
Stitsjfugl (Notiomystis cincta) er einaste arten i stitsjfuglfamilien (Notiomystidae)
Foto: Duncan Wright
  • Satengfuglfamilien, Cnemophilidae: Tre artar funne i fjellskog på Ny-Guinea, nyleg skilt ut frå paradisfuglfamilien. Dei har svake føter, breie gap og lever utelukkande på frukt.
  • Bærfuglfamilien, Melanocharitidae: Familien samlar dei tolv artane av bærfuglar, seks i slekta Melanocharis og fire artar med fellesnemninga 'bogenebb' i slektene Toxorhamphus og Oedistoma. Dei er varierande i lengd frå 7,5 til 15 cm. Utbreiing er avgrensa til skogshabitat i Ny-Guinea.
  • Kongebærfuglfamilien, Paramythiidae: To artar avgrensa til høgtliggande skog på Ny-Guinea. Meisebærfugl er 12 – 14 cm og arten kongebærfugl 19 – 22 cm.
  • Kokakofamilien, Callaeidae: Det finst berre tre nolevande artar i familien, ein fjerde art døydde ut tidleg på 1900-talet. Endemiske til New Zealand.
  • Stitsjfuglfamilien, Notiomystidae: Dette er ein art stitsjfugl, ein sjeldan honningetarliknande fugl endemisk for Nordøya og tilstøytande øyar på New Zealand. Stitsjfugl har vore nær utrydda, men ein populasjon overlevde på Little Barrier Island, og arten har blitt gjeninnført på tre andre øyreservat og på to stader på Nordøya.
  • Mulgatrastfamilien, Psophodidae: Seks artar i Australia, 19–31 cm lange, hovudsaklege olivengrøne eller brune i fargene og dei har fjørtopp. Dei førekjem i ei rekkje habitat frå regnskog til tørt kratt.
  • Vakteltrastfamilien, Cinclosomatidae: Tolv artar i to slekter, mellomstore (17–28 cm) fuglar i Australia og Ny-Guinea. Dei er terrestriske fuglar som flyg ganske svakt, og føretrekker å sitje ned eller springe når dei blir forstyrra.
  • Pløsaugefamilien, Platysteiridae: Små, kraftige insektetande fuglar i tropisk Afrika. Familien samlar totalt 33 pløsauge, batisar og biasar. Vanlegvis funne i open skog eller i buskar og kratt.
  • Buskvarslarfamilien, Malaconotidae: Ei gruppe av ca. 50 små til mellomstore fugleartar med habitat i krattskog eller opent skogsterreng i Afrika. Insektetarar som òg tar andre små byttedyr.
  • Båtnebbfamilien, Machaerirhynchidae: Båtnebb er to artar med utbreiingsområde i Australia, Indonesia og Ny-Guinea.
  • Vangafamilien, Vangidae: Ei gruppe lite kjente små til mellomstore fuglar avgrensa til Madagaskar og Komorane. Familien samlar om lag 40 artar, dei fleste artane liknar varslarar, lever som skogsfuglar og beitar på krypdyr, froskar og insekt.
  • Børstehovud, Pityriaseidae: Ein art, gåtefull og uvanleg i regnskogen i Borneo. Børstehovud er ca. 25 centimeter i lengd, ein svart eller mørk grå fugl, med raude leggar og raud farge på hals og nakke. Dei lever hovudsakleg av store virvellause dyr, spesielt rettvenger, pinnedyr, o.l. som dei plukkar frå trelauv, kvistar, greiner og trestammar.
  • Svalestarefamilien, Artamidae: Totalt 24 artar, 11 små sporvefuglar i Artamus. Dette er fuglar med mjuk fjørdrakt i litt uklåre farger som finst i Australia og dei næraste øyane. Storleiken er omtrent som ein star. I tillegg kommer 23 slaktarfuglar.
  • Vatreplystrar, Rhagologidae: Ein art, tidlegare i plystrarfamilien, leveområdet er indre Ny-Guinea.
 
To gråryggslaktarfuglar (Cracticus torquatus) frå svalestarfamilien
Foto: Tatiana Gerus
  • Lauvfuglfamilien, Aegithinidae: Fire artar i slekta Chloropsis av relativt små fuglar som minner om bylbylar. Dette er små fugleartar funne i India og Søraust-Asia.
  • Larveetarfamilien, Campephagidae: 94 små til mellomstore artar av vanlegvis lange og slanke fuglar i subtropisk og tropisk Afrika, Asia og Australia.
 
Børstedrongo frå drongofamilien
Foto: Frank Vassen
  • Mohuafamilien, Mohouidae: Ei slekt av tre artar, alle er endemiske til New Zealand. Kvithovudmohua er ein liten sporvefugl på Nordøya, ca. 15 cm, gulhovudmohua på Sørøya har same storleik. Pipipi, knytt til opphavleg skog på Sørøya og øyane sør for Sørøya er enda mindre i storleik.
  • Sittellafamilien, Neosittidae: Tre artar som liknar spettmeiser, med svak flygeevne, lever i Australasia, spesielt på Ny-Guinea og det australske kontinentet.
  • Plognebb, Eulacestomatidae: Arten er endemisk for det indre Ny-Guinea, han var tidlegare medlem i plystrarfamilien.
  • Bjelleplystrarfamilien, Oreoicidae: Dette er ein nyleg anerkjent familie av tre monotypiske artar, tidlegare trudd å vere plystrarar. Dei lever i Indonesia, Papua Ny-Guinea og Australia.
  • Borkplystrarfamilien, Falcunculidae: Tidlegare ein art, no splitta i tre: kvitpanne-, kvitbuk- og austborkplystrar, med leveområde i Australia.
  • Plystrarfamilien, Pachycephalidae: Omtrent 65 artar små til mellomstore kraftige sporvefuglar med sterke nebb, utbreiing i mesteparten av Australasia.
  • Vireofamilien, Vireonidae: Vireoar er ein familie av over 60 små til mellomstore fuglar med distribusjon avgrensa til «den nye verda». Dei fleste artane i familien har ei fjørdrakt i avdempa eller grønleg farge.
  • Pirolfamilien, Oriolidae: Trastestore, tre fikenfuglar og ca. 40 pirolar. Altetande, lever i skog.
  • Drongofamilien, Dicruridae: 30 artar insektetande fuglar i tropiske område av Afrika, Asia og Australia. Fjørdrakta er svart eller mørkegrå i farga, somme har metalliske nyansar. Stjerten er lang og gaffeldelt, og nokre asiatiske artar har iaugefallande haledekorasjonar. Sit med mykje oppreist kroppstilling på greiner, omtrent som varslarar.
  • Viftestjertfamilien, Rhipiduridae: Ei biologisk slekt av 65 artar insektetande fuglar i Sør-Asia og Australasia. Dei fleste av artane er rundt 15 til 18 cm i lengd, og er spesialiserte på å fange insekt i flukt.
  • Monarkfamilien, Monarchidae: Over 100 artar små insektetande fuglar med lange halar. Dei lever i skog i Afrika sør for Sahara, søraustlege Asia, Australasia og på ei rekkje øyar i Stillehavet. Ein mangfaldig familie som generelt er knytt til tre. Dei er stort sett slanke fuglar og har breitt nebb.
  • Spirskrikjefamilien, Platylophidae: Ny familie frå 2022 i IOC-lista 12.1 med ein art: spirskrikje på sørlege Malayahalvøya, Sumatra, Borneo og Java.
  • Varslarfamilien, Laniidae: 34 artar av mellomstore fuglar i «den gamle verda» som beitar insekt og små virveldyr.
  • Kråkefamilien, Corvidae: Mellomstore til store fuglar. Fuglane i denne familien har kraftig nebb og bein. Det er om lag 135 artar i familien og dei finst naturleg over heile verda utanom i polarområda.
  • Pottemakarfuglfamilien, Corcoracidae: To artar sosiale fuglar. Pottemakarfugl, Corcorax melanorhamphos, ca. 47 cm, og apostelfugl, Struthidea cinerea, ca. 31 cm. Begge er endemiske til Australia og byggjer reir av gjørme.
  • Melampittafamilien, Melampittidae: To artar med svart fjørdrakt, dvergmelampitta og stormelampitta, i ei slekt, begge lever i høgtliggande habitat på Ny-Guinea.
  • Ifritfamilien, Ifritidae: Ein nolevande art, blåkroneifrit, ein liten insektetande art som lever i det indre av Ny-Guinea, tidlegare trudd å vere ein monark.
  • Paradisfuglfamilien, Paradisaeidae: Dei fleste artane i denne familien er funne på Ny-Guinea og øyane omkring. Familien har om lag 45 artar i 17 slekter. Medlemmene i denne familien er kanskje best kjent for fjørdrakta hos hannfuglar på dei fleste artane, dei har særs langstrakte og forseggjorde fjører som strekkjer seg ut frå nebbet, venger eller hovud. Dei fleste artane har utbreiing i tett regnskogshabitat.
  • Flugeskvettfamilien, Petroicidae: Omfattar 51 insektetande fugleartar endemiske til Australasia: Ny-Guinea, Australia, New Zealand og ei rekkje Stillehavsøyar. Tettvaksen kroppsbygging med eit stort, avrunda hovud, eit kort, rett nebb, og avrunda venger.
  • Grottefuglfamilien, Picathartidae: To store artar funne i regnskogane i tropisk Vest- og Sentral-Afrika. Dei har nakne hovud med kraftige farger, og lever av insekt og virvellause dyr.
  • Klippehopparfamilien, Chaetopidae: Ei slekt av to mellomstore insektetande eller altetande fugleartar i sørlege Afrika.
  • Riksetrast, Eupetidae, er ein sky og sjeldan observert rikseliknande art, riksetrast, som lever på skogbotn i urskogBorneo, Den malaysiske halvøya og Sumatra.
  • Sidensvansfamilien, Bombycillidae: Tre mellomstore sporvefuglar med mjuk, silkeaktig fjørdrakt i Nord-Amerika, Europa og Asia.
  • Silkefuglfamilien, Ptiliogonatidae: Fire artar i tre slekter. Familien er oppkalla etter den silkeaktige fjørdrakta. Utbreiing hovudsakleg i Sentral-Amerika.
  • Daddelfugl, Hypocoliidae: Ein liten, slank fugl med lang stjert som lever i regionar med tørr halvørken i Nord-Afrika, og aust til det vestlege India.
  • Palmetrast, Dulidae: Ein liten fugl med lang stjert, endemisk for øya Hispaniola.
 
Banansmett har ei uklår familieplassering, men er førebels i tanagarfamilien
Foto: Dick Daniels
  • Gulflankeplystrar, Hylocitreidae: Ein sporvefugl som er endemisk for høgtliggande skogar på den indonesiske øya Sulawesi.
  • Kvisthopparfamilien, Stenostiridae: Ny klade av ni artar små sporvefuglar tidlegare plassert i flugesnapparfamilien og monarkfamilien.
  • Meisefamilien, Paridae: Små sporvefuglar som samlar om lag 65 artar på den nordlege halvkula og Afrika. Små tettvaksne skogsartar med kort, rakt og som regel konisk nebb.
  • Pungmeisfamilien, Remizidae: Små sporvefuglar, varierande frå 7,5 til 11 cm i lengd. Dei 11 artane minner om ekte meiser, men har finare, meir nålforma nebb. Lever i Eurasia, Afrika og Nord-Amerika.
 
Langhalesmett (Thryomanes bewickii) i gjerdesmettfamilien
Foto: Minette Layne
Superfamilien Sylvioidea:
  • Nikatorfamilien, Nicatoridae: Tre artar, endemiske til Afrika sør for Sahara. Nikatorar er varslarliknande fuglar, 16–23 cm i lengd.
  • Skjeggmeisfamilien, Panuridae: Ein art i tempererte delar av Europa og Asia, hannen har grått hovud og svarte teikningar som «mustasjar». Lever i eller nær takrøyrbelte.
  • Lerkefamilien, Alaudidae: Om lag 100 artar små til mellomstore sporvefuglar. Alle artar finst i «den gamle verda» og i Australia. Fjellerke òg i Nord-Amerika.
  • Bylbylfamilien, Pycnonotidae: Omtrent 160 artar av små til mellomstore fuglar, familien er fordelt over det meste av Afrika og inn i Midtausten, gjennom tropisk Asia til Indonesia, og så langt nord som Japan.
  • Svalefamilien, Hirundinidae: Fuglar tilpassa eit levesett karakterisert av å fange føda i lufta. Ca. 90 artar har samla ei kosmopolitisk utbreiing og hekkar på alle kontinent unntatt Antarktis.
  • Stuttvengfamilien, Pnoepygidae: Ein nyleg anerkjent familie av slekta Pnoepyga. Dette er fire artar som tidlegare var medlemmar av timalfamilien.
  • Dunsongarfamilien, Macrosphenidae, (engelsk 'African warblers' - afrikanske songarar), er nyleg er skildra med 18 artar. Dei fleste av artane var tidlegare plassert i songarfamilie Sylviidae, sjølv om ein art, steinhoppar, Achaetops pycnopygius, var plassert i timalfamilien.
  • Orientsongarfamilien, Cettiidae: Ein biologisk familie av 31 små insektetande «songarar». Han samlar dei typiske busksongarar, Cettia, og slektningane deira. Medlemmene finst hovudsakleg i Asia og Afrika, med spreiing til Indonesia i søraust og Europa i nordvest. Slekta Cettia strekkjer seg frå Vest-Europa over Asia til Stillehavsøyane Fiji og Palau.
  • Krattsongar, Scotocercidae: Krattsongar, Scotocerca inquieta, er einaste arten i ein nyleg anerkjent biologisk familie. Han er ein lys, liten art som lever i ørkenaktige område med kratt i Afrika og sørvestlege Asia.
  • Flugesongarfamilien, Erythrocercidae: Ein nyleg anerkjent biologisk familie med ei slekt og tre artar som lever i Afrika.
  • Hyliafamilien, Hyliidae: Ein nyleg anerkjent biologisk familie med to «songarar» som lever i Afrika.
  • Stjertmeisfamilien, Aegithalidae: 13 artar små, meiseliknande fuglar med lang hale. Generelt utbreidd i Europa og Asia. Krattmeis lever i Nord- og Mellom-Amerika.
  • Bladsongarfamilien, Phylloscopidae: Dette er no ei einaste slekt Phylloscopus med over 80 artar. Tidlegare plassert i oppsamlingstaksonet Sylviidae, songarfamilien.
  • Kjerrsongarfamilien, Acrocephalidae: inneheld seks slekter, med kjerrsongarar som den dominerande slekta med 39 artar, totalt ca. 55 artar. Acrocephalidae var tidlegare plassert i songarfamilien, Sylviidae, dette er i regelen ganske store «songarar».
  • Sumpsongarfamilien, Locustellidae: 66 små insektetande «songarar», tidlegare plasserte i songarfamilien. Desse fuglane finst hovudsakleg i Eurasia, Afrika, og den australske regionen.
  • Donacobiusfamilien, Donacobiidae: Ein nolevande art, donacobius, på 1980 og 1990-talet oftast klassifisert i gjerdesmettfamilien, no i sin eigen monotypiske familie.
 
Eremittskogtrast (Catharus guttatus) i trastefamilien
Foto: D. Gordon E. Robertson
  • Gassarsongarfamilien, Bernieridae: Elleve artar av små insektetande fuglar, alle endemiske til Madagaskar. Dei fleste lever i fuktig regnskog.
  • Grassongarfamilien, Cisticolidae: Rundt 170 songarar som hovudsakleg lever i varmare og sørlege delar av «den gamle verda», små, lite iaugefallande fuglar i dominerande brun eller grå farge.
  • Songarfamilien, Sylviidae: Finst som hekkefuglar i «den gamle verda», og hovudsak i Europa, Asia og, i mindre grad i Afrika. Tidlegare stort oppsamlingstakson. Per 2021 34 artar i 2 slekter som er klassifisert i denne familien.
  • Buttnebbfamilien, Paradoxornithidae, samlar buttnebb, fulvettaer og andre songarar, totalt ca. 40 artar som tidlegare var plasserte i songarfamilien.
  • Brillefuglfamilien, Zosteropidae: Dette er over 140 artar, små fuglar opptil 15 cm, vanlegvis olivengrøne over og lysegråe under, mange artar ein iaugefallande ring av små kvite fjører rundt auga. Lever i tropiske, subtropiske og tempererte delar av Afrika sør for Sahara, sørlege og austlege Asia og Australasia, på dei fleste tropiske øyane i Indiahavet, vestre delar av Stillehavet, og i Guineabukta.
  • Timalfamilien, Timaliidae: Tidlagere stor og uklår familie som no minkar med flyttingar ut til nye familiar, det gjenstår ikkje meir enn ca. 55 artar. Dei fleste artane liknar songarar, nøtteskrikjer eller trastar.
  • Marktimalfamilien, Pellorneidae: 68 artar i 13 slekter, tidlegare rekna som timalar, men samla i ein ny familie.
  • Fulvettafamilien, Alcippeidae: Ein nyleg anerkjent biologisk familie med ei slekt som samlar 10 artar. Dei lever i den orientalske regionen av Asia.
  • Lattertrastfamilien, Leiothrichidae: er ein ny familie av slekta skrikjetrastar, Turdoides, fleire slekter av lattertrastar, sibiaer og nokre fulvettaer. Totalt 133 artar i 16 slekter, alle tidlegare i timalfamilien.
  • Prikkstrupefamilien, Modulatricidae, er ein liten familie med tre slekter i Afrika. Familien er nyleg godtatt.[3] Artane vart tidlegare flytta mellom andre familiar og var sist trudd å vere sukkerfuglar.
  • Sukkerfuglfamilien, Promeropidae: No ein monotypisk familie med slekta Promerops, som har to artar sukkerfuglar i sørlege Afrika med brunleg farga fjørdrakt, lange nedbøygde nebb og lange halefjører.
  • Alvefuglfamilien, Irenidae: To bylbyl-liknande små fuglar funne i skog og plantasjar i tropiske sørlege Asia og Filippinane. Et mest frukt, særleg fiken.
  • Fuglekongefamilien, Regulidae: Seks artar i slekta Regulus, blant dei minste innanfor ordenen sporvefuglar, og av alle fuglar.
  • Prikksmettimal, Elachuridae: Ein liten fugleart, ca. 10 cm, brun med kvite flekker. Han lever i austre Himalaya og Søraust-Asia. Arten har ingen nær slektning blant sporvefuglane.
  • Hyliotafamilien, Hyliotidae: Fire artar i Afrika sør for Sahara i ei slekt som tidlegare var rekna som medlem av songarfamilien, Sylviidae.
  • Gjerdesmettfamilien, Troglodytidae: Familie med utbreiing i «den nye verda», eit unntak er gjerdesmett som finst både i Nord-Amerika og i Eurasia inklusiv Noreg. Nær 90 artar.
  • Myggsmettfamilien, Polioptilidae: Myggsmettar er over 20 artar av små sporvefuglar som finst i store delar av Amerika. Dei er nære slektningar av gjerdesmettar.
  • Spettmeisfamilien, Sittidae: Ca. 30 artar av små sporvefuglar med forholdsvis stort hovud, rett, kraftig nebb, kort hale og korte bein. Dei er gode klatrarar. Spreidd over Eurasia og Nord-Amerika.
  • Murkrypar, Tichodromidae: Ein liten fugl som lever i høgfjellsområde i Eurasia. Murkrypar er 15,5 til 17 centimeter lang, fjørdrakta er primært blågrå, med mørkare venger og halefjør, og ekstraordinært karmosinraudt område på vengene.
  • Trekryparar, Certhiidae: Elleve artar små sporvefuglar, utbreidd i skogkledde område på den nordlege halvkula og i Afrika sør for Sahara. Fjørdrakta har avdempa farger. Klatrar på trestammar på søk etter føde.
  • Spottefuglfamilien, Mimidae: Inkluderer ca. 35 artar trastar, spottefuglar, skjelvespottefuglar og kattespottefuglar frå «den nye verda». Dei er framståande hermarar, spesielt har enkelte artar uvanleg evne til å imitere eit breitt utval av fuglesongar og andre utandørslydar.
  • Starefamilien, Sturnidae: Meir enn 120 små til middels store sporvefuglar som inkluderer som glansstarar i Afrika, og mange store artar i Asia med fellesnamnet 'myna' på engelsk. Dei finst naturleg i den gamle verda, frå Europa, Asia og Afrika, til nordlege Australia og øyane i det tropiske Stillehavet.
  • Oksehakkarfamilien, Buphagidae: To artar som lever utelukkande på ryggen av store pattedyr, endemiske til savannar i Afrika sør for Sahara.
  • Trastefamilien, Turdidae: Trastar er ca. 170 artar av fyldige, små til mellomstore fuglar, med mjuk fjørdrakt som lever i skogområde, og ofte beitar på bakken eller et små frukter.
  • Flugesnapparfamilien, Muscicapidae: Ein familie av over 350 artar sporvefuglar utbreidd i Afrika, Asia og Europa. Dette er små fuglar, som ofte fangar insekt i flukt.
  • Fossekallfamilien, Cinclidae: 5 artar særståande blant sporvefuglane (Passeriformes) for evna til å dukke og symje under vatn.
  • Bladfuglfamilien, Chloropseidae: Ei slekt av 12 artar små sporvefuglar funne i India, Sri Lanka og Søraust-Asia.
  • Blomsterfuglfamilien, Dicaeidae: Rundt 55 artar av små, kraftige fuglar i tropiske sørlege Asia og Australasia frå India til Australia.
  • Solfuglfamilien, Nectariniidae: Nærmare 150 artar av små fuglar spreidd over Afrika, Sør-Asia og nordlege Australia. Hovudføda for solfuglar er nektar.
  • Sporvefamilien, Passeridae: 43 små, klumpete, brungråe fuglar med kort hale og kort kraftig nebb. Opphavleg utbreiing var Europa, Afriaa og Asia, menneske har innført sporvar til Amerika og Australia.
  • Vevarfamilien, Ploceidae: 122 artar i 15 slekter. Lagar kunstferdig vovne reir, nokre artar er kjente for selektivt parasittiske hekkevanar. Dei fleste artane lever i skogshabitat, krattskog og ope grasland i Afrika sør for Sahara.
  • Astrildfamilien, Estrildidae: Ca. 140 artar små sporvefuglar med leveområde i «den gamle verda» og Australia. Som burfuglar blir dei ofte kalla praktfinkar. Dette er frøetande flokkfuglar, ofte kolonihekkande, med kort, kraftig, rett nebb.
  • Enkjefamilien, Viduidae: 20 artar små sporvefuglar, alle endemiske til Afrika. Finkeliknande med fjørdrakt som vanlegvis er dominert av svart eller indigo. Alle enkjer er reirparasittar som legg egga sine i fuglereira til artar av astrildar.
  • Kløfthaleparulafamilien, Peucedramidae: Ein insektetande art kløfthaleparula med habitat i barskog, han er ein middels stor songfugl, 13–14 cm i lengd, endemisk for området Nord-Amerika - Mellom-Amerika.
  • Jernsporvfamilien, Prunellidae: 12 artar av små, grålege fuglar i dei fjellrike regionane i Europa og Asia.
  • Erlefamilien, Motacillidae: Erler og piplerker er rundt 70 artar små sporvefuglar med middels til lang stjert. Kosmopolitisk utbreiing.
  • Vierfink, Urocynchramidae: Ein uvanleg og liten fugleart i høgtliggande område i det sentrale til vestlege Kina.
  • Finkefamilien, Fringillidae: Finkar er typisk frøetarar som lever på den nordlege halvkula og i Afrika. Det er anerkjent 210 artar per 2019.
  • Lappsporvfamilien, Calcariidae:[3] er ein liten familie av 6 sporvar i tre slekter, alle med levevis knytt til arktiske område. Medlemmene inkluderer lappsporv, snøsporv og kvitsporv. Ny familie frå 2010.
  • Rosentanagar, Rhodinocichlidae:[3] godtatt som sjølvstendig, monotypisk familie frå 2017. Utbreiingsområdet for arten er oppstykka: vestkysten av Mexico, Panama og Costa Rica, og i avgrensa område av Colombia og Venezuela.
  • Busksporvfamilien, Emberizidae: Busksporvane er små fuglar, typisk rundt 15 cm i lengd, med finkeliknande, kjegleforma nebb og ni primærfjør. Leveområde i Eurasia og Afrika. Totalt 44 artar, alle i Emberiza og inkluderer hussporv, sivsporv og gulsporv.
  • Amerikasporvfamilien, Passerellidae: Nyleg anerkjent familie, tidlegare ein del av busksporvfamilien,[3] 137 artar i 30 slekter, alle i «den nye verda».
  • Plystretanagarfamilien, Calyptophilidae: To artar, vestplystretanagar og austplystretanagar
  • Hispaniolatanagarfamilien, Phaenicophilidae: Fire artar endemiske til øya Hispaniola
  • Puertoricotanagarfamilien, Nesospingidae: Ein liten sporvefugl, puertoricotanagar, ca. 16 cm, som vanlegvis lever i tett vegetasjon. Endemisk til Puerto Rico.
  • Spindalisfamilien, Spindalidae: Fire spindalisar i ei slekt Spindalis.
  • Smettparulafamilien, Zeledoniidae: Ein art, smettparula, er ein maursmettliknande sporvefugl som lever i høgtliggande skog i Costa Rica og vestre Panama.
  • Kubaparulafamilien, Teretistridae: To små sporvefuglar, gulhovedparula og orienteparula, begge med gult i fjørdrakta, endemiske til Cuba.
  • Gulbrystparulafamilien, Icteriidae: Ein sporvefugl i Nord-Amerika som trekker til Sentral-Amerika. Ca. 18 centimeter i kroppslengd
  • Trupialfamilien, Icteridae: Trupialar er små til medium store og ofte fargefulle fuglar som berre finst i «den nye verda». I overkant av 100 artar.
  • Parulafamilien, Parulidae: Parulaer er små, ofte fargerike, med distribusjon avgrensa til Amerika. Dei fleste artane lever i tre som har eit levevis knytt til vatn og mark. Dei fleste av dei ca. 120 artane er insektetarar.
  • Olivenkronefamilien, Mitrospingidae: Fire artar i tre slekter. Maskeolivenkrone lever hovudsakleg langs austkysten av Sentral-Amerika og ned langs vestkysten av Colombia til Ecuador. Tepuiolivenkrone lever i tepui-området i grensetrakta Venezuela, Brasil og Guyana. Dei to andre artane, inntil nyleg trudd å vere tanagarar, lever i Brasil.
  • Kardinalfamilien, Cardinalidae: Kardinalar er ein familie med 53 medlemmar utbreidd i Amerika. Fuglane er robuste, frøetande fuglar, med kraftige nebb.
  • Tanagarfamilien, Thraupidae: Tanagarar er små til mellomstore fuglar, ofte med kraftfulle farger i fjørdrakta. Dette er ein av dei største familiegruppene av fuglar, ca. 390 artar med mykje mangfald som har utbreiing i tropisk Amerika.

Kjelder

endre
  • Sjå dei artiklar om dei respektive familiar ved å følgje peikarar inn dit.
  1. Frank Gill, David Donsker & Pamela Rasmussen (red.) 2024. IOC World Bird List (v14.1). doi:10.14344/IOC.ML.14.1 Henta 18. mars 2024
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2019), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Updates & Corrections – August 2019, Cornell Lab of Ornithology, henta 15. september 2019
  NODES
Idea 3
idea 3
INTERN 1