Gaeltacht (uttalt /ˈgeːɫ̪t̪ˠəxt̪ˠ/; fleirtalsform Gaeltachtaí) er eit irsk ord for eit irskspråkleg område. I Irland refererer Gaeltacht, eller An Ghaeltacht, til dei regionane i landet der irsk er offisielt hovudspråk. I Gaeltacht blir irsk snakka som daglegspråk av større eller mindre delar av innbyggjarane. Desse delane av Irland vart peikt ut tidleg etter det irske sjølvstendet, som del av regjeringa sin politikk for å revitalisere irsk. Grensene for Gaeltacht har vorte endra ein gong, då Clochán-Bréanann i Kerry og delar av West Muskerry, i Cork vart lagt til Gaeltacht i 1974. I dei fleste Gaeltachtområda er dei irsktalande i mindretal.

Gaeltachtområde på Irland

Folketalet i Gaeltacht er i dag omtreht 85 000, dei fleste irsktalande bur i vest, i Donegal, Mayo, Galway, Kerry, og Cork. Det finst små lommer av irsktalande i Waterford i sør og i Meath i aust.

Traffiskilt med irsk tekst som tyder 'gje veg' (vikeplikt) i County Waterford.

Gaeltacht byar og landsbyar

endre
Grevskap Irsk namn engelsk namn
County Donegal Árainn Mhór Arranmore
Gaoth Dobhair Gweedore
Gleann Cholm Cille Glencolmcille
Gort a' Choirce Gortahork
Na Dúnaibh Downings
Oileán Toraigh Tory Island
Rann na Feirste Rannafast
County Mayo Ceathrú Thaidhg Carrowteige
Eachléim Aughleam
Tuar Mhic Éadaigh Tourmakeady
County Galway Árainn Inishmore
ECasla Costelloe
An Cheathrú Rua Carraroe
Cill Chiaráin Kilkieran
Cill Rónáin Kilronan
Corr na Móna Corr na Móna
Indreabhán Inverin
Inis Meáin Inishmaan
Inis Oírr Inisheer
Leitir Móir Lettermore
Oileáin Árann Aran Islands
Ros a' Mhíl Rossaveel
Ros Muc Rosmuck
An Spidéal Spiddal
County Kerry Baile an Fheirtéaraigh Ballyferriter
Baile na Sceilge Ballinskelligs
Ceann Trá Ventry
An Daingean Dingle
Dún Chaoin Dunquin
An Fheothanach Feothanach
County Cork Baile Mhúirne Ballyvourney
Béal Átha an Ghaorthaidh Ballingeary
Cúil Aodha Coolea
Oileán Chléire Clear Island
County Waterford An Rinn Ring
County Meath Ráth Cairn Rathcarne

Bakgrunnsstoff

endre
  NODES
Done 3
News 1
orte 1