Geografi eller landkunne er studiet av jordoverflata, både korleis ho ser ut fysisk og korleis folk lever der. Eit norsk ord for geografi er «jordskildring», noko «geografi» også tyder, sett saman av dei greske orda ('jorda; ) og graphein ('skriva' eller 'skildra'). Feltet kan også ta for seg kva ressursar som finst og kva som vert produsert ulike stader, klima, kor menneske bur, og korleis dei lever.

Innsjøen Yamanakako i Japan med busetjing.

Geografi kan delast inn i to undergreiner, naturgeografi og samfunnsgeografi. Begge greinene er tverrvitskaplege, med innslag av til dømes hydrologi, geologi, klimatologi, sosiologi og matematikk. I tillegg omfattar det store omgrepet geografi kartografi, geomatikk (GIS), geostatistikk, og geodesi.

Sjå òg

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Geografi
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES