George Gershwin

amerikansk pianist og komponist

George Gershwin (26. september 189811. juli 1937) var ein amerikansk komponist og pianist.

George Gershwin

Fødd26. september 1898
FødestadBrooklyn, New Zealand, New York by
Død11. juli 1937 (38 år)
DødsstadHollywood, Los Angeles
FødenamnJacob Gershwine
AliasGershwin
OpphavUSA
Aktiv1914–1937
Sjangeropera, jazz, klassisk musikk
Instrumentpiano
PlateselskapVictor Talking Machine Company
Verka somkomponist, jazzpianist, låtskrivar, filmmusikkomponist, kunstmålar, dirigent, pianist
MorRose Bruskina
FarMorris Gershwine
PrisarGrammy Trustees Award, Kongressens gullmedalje, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Pulitzer-prisens særskilte hederbevisninger og utmerkelser

Bakgrunn

endre

Gershwin var fødd som Jacob Gershovitz i Brooklyn i USA som son av jødiske innvandrarar frå Russland. Frå tiårsalderen fekk han piano-opplæring hjå Charles Hambitzer på Manhattan, der familien var busett, og blei med i Tin Pan Alley-miljøet.

Han oppnådde tidleg suksess, først med «Swanee», framført av Al Jolson i 1921. Gerswhin sitt første orkestrale verk var Rhapsody in Blue, urframført med Paul Whitman sitt orkester i 1924, under tittelen Experiments in Jazz. Fleire musikal-oppsetjingar følgde (Oh Kay!, Of Thee I Sing av dei mest kjende), der ein fekk ein serie med kjende melodiar som Embracable you og I got rhythm. Eit fleirtal er omtykte som amerikanske klassikarar og med i «The Great American Songbook». Broren Ira Gershwin var tekstforfattar på dei fleste av desse. Folkeoperaen Porgy & Bess opptok han i over eitt år, frå 1934, og fekk si urframføring i New York i 1935 med den amerikansk-norske Anne Brown i ei av hovudrollene.

George Gershwin var ein klassisk komponist sterkt påverka av Maurice Ravel og Igor Stravinskij, som avslo bøna hans om å gje leksjonar; dei meinte læringspotensialet var høgare andre vegen. Han døydde i Hollywood av hjernesvulst.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: George Gershwin
  Engelsk Wikiquote har ei sitatsamling som gjeld: George Gershwin


  NODES