Germanistikk er den fagdisiplinen som granskar germanske språk og litteraturen deira. Germanistikk vert ofte brukt i ei meir avgrensa tyding, nemleg om studiar av tysk språk og litteratur.

Germanistikken i Noreg hadde lenge tyngdepunktet sitt i historisk orientert språkvitskap, ofte med eit jamførande perspektiv. I løpet av dei seinare tiåra har det her skjedd eit skifte med fokus på moderne tysk språk, til dømes knytt til studiar av omsetjingar.

Bakgrunnsstoff

endre
  NODES