Grashoppesongar

art av sporvefuglar

Grashoppesongaren (Locustella naevia) er ein fugleart i sumpsongarfamilien, Locustellidae,[2] han var tidlegare medlem i songarfamilien.

Grashoppesongar
Grashoppesongarhann
Grashoppesongarhann
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av grashoppesongar
Utbreiinga av grashoppesongar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Locustellidae
Slekt: Locustella
Art: Grashoppesongar L. naevia
Vitskapleg namn
Locustella naevia

Utsjånad, lyd og feltkjenneteikn

endre

Grashoppesongaren er om lag 12 til 14 cm lang og veg 14 til 20 gram. I Noreg finst det to fargevariantar. Oversida er i begge tilfella olivenbrun med striper. Undersida er enten gulkvit med svake striper framme på brystet, eller lyst gråaktig utan striper. Hoer og hannar har same fargar.

Songen let som «sirrrr» og minner om lyden frå ei grashoppe, noko som har gitt fuglen namn. Fuglen er sky, held seg helst på marka og unngår å flyge. Han er derfor vanskeleg å observere og røpar seg mest i samband med songen.

Biotop og utbreiing

endre

Grashoppesongaren lever i opne landskap, fuktige enger, våtmarker, ved elvebreidder og på heier. Fuglen hekkar i store delar av Europa og nordre delar av Asia. Til Noreg har han kome ganske seint. Første gong registrert i 1883 på Jæren. Arten var registrert her i landet berre to gongar før 1949. Sidan auka talet på fuglar fram til 1980, då det stabiliserte seg. Jæren er det norske kjerneområdet for arten, men også Lista har ein liten fast bestand. Elles hekkar arten spreidd og uregelmessig nordover langs kysten til Nord-Trøndelag, og på Austlandet. Grashoppesongaren er trekkfugl og overvintrar i tropisk Afrika. Dei første individa kjem til Jæren i slutten av april, og dei fleste revirhevdande hannane er komne før midten av mai. Dei fleste individa reiser frå hekkeområda i august. Arten vert registrert spreidd og tilfeldig fram til byrjinga av oktober, men desse individa kjem truleg ikkje frå den norske hekkebestanden.

Hekking

endre

Fuglen vert kjønnsmoden etter eit år. Hekkeperioden strekker seg frå mai til byrjinga av august. I utlandet er to kull det normale. I Noreg finst det lite informasjon om talet på kull. Paret bygg eit skålforma reir av strå, lauv og gras og gøymer det i tett vegetasjon på marka. Hoa legg 4 til 7, oftast 5 eller 6, kvitfiolette flekkete egg. Begge foreldra ruger i 12 til 15 dagar. Ungane vert i reiret i 10 til 12 dagar.

Føde

endre

Grashoppesongaren et edderkoppar, sniglar, insekt og insektlarver.

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av gresshoppesanger Locustella naevia for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 3. februar 2022
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)
  NODES