Handball-EM 1994 for menn

Europameisterskapen i handball 1996 for menn, den 1. i sitt slag, vart avvikla i dagane frå 3. til 12. juni 1994 i Portugal. 12 land deltok i turneringa: Belarus, Danmark, Frankrike, Kroatia, Portugal, Romania, Russland, Slovenia, Spania, Sverige, Tyskland og Ungarn.

Turneringa fann stad i byane Porto og Almada.

Gull, sølv og bronse

endre

Sverige vart europameistrar med di Russland vart slått 34–21 i finalen. Kampen vart i røynda avgjort allereie i løpet den fyrste omgangen, ettersom Sverige leia heile 18–9 ved pause. Flest mål for Sverige skåra Erik Hajas med sine 8 nettkjenningar. Per Carlén, Staffan Olsson og Magnus Wislander skåra kvar sine 5 gongar, Stefan Lövgren 4, Magnus Andersson og Pierre Thorsson, begge 3, og Robert Andersson 1 mål. Ola Lindgren kom ikkje på skåringslista. Målvakter: Mats Olsson og Tomas Svensson.

Russlands Vasilij Kudinov vart toppskårar i finalen med sine 9 fulltreffarar. Finaledommarar var norske Svein Olav Øie og Bjørn Høgsnes. 3 200 tilskodarar såg finalen i Porto.

I kampen om bronsemedaljane sigra Kroatia 25–24 mot Danmark.

Kjelder

endre
  NODES