Hanna-Barbera Productions var eit animasjonstudio som blei grunnlagt i 1957 av William Hanna og Joseph Barbera. Selskapet skapte ei mengd kjende figurar, som Familien Flintstone, Scooby Doo og Yogi Bear. Det produserte for det meste animasjonsfilmar for TV, og var heilt dominerande i den amerikanske marknaden for animerte TV-seriar på 1960- og 1970-talet.

Hanna-Barbera


Org.formDotterselskap
BransjeFilmindustri, fjernsyn
Skipa1956
HovudkontorLos Angeles
LandUSA
Produktfjernsynsserie, TV-reklame, animated television special, spelefilm, kortfilm
Grunnleggjar(ar)William Hanna, Joseph Barbera, George Sidney

Historie

endre

Barbera og Hanna innleidde samarbeidet sitt ved MGM Cartoon Studio, der dei skapte Tom og Jerry. Fram til 1957, då MGM la ned animasjonsstudioet sitt, hadde dei regissert alle filmane i Tom og Jerry-serien. No gjekk dei vidare og starta sitt eige studio, opphavleg kalla H-B Enterprises, men i 1959 omdøypt til Hanna-Barbera Productions.

Då studioet blei etablert var produksjonen av animerte kortfilmar for kinovising på veg ut i USA, og det nye studioet fokuserte fyrst og fremst på TV-marknaden. Ein einaste filmserie berekna for kinovising blei produsert: Loopy De Loop, 1959-1965, distribuert av Columbia Pictures.

På 1960-talet ekspanderte Hanna-Barbera kraftig, og kom til å bli heilt dominerande på marknaden for animerte TV-seriar i USA, med produksjonstopp på midten av 1970-talet.

I 1967 blei Hanna-Barbera Productions eit dotterselskap av Taft Broadcasting.

På 1980-talet mista studioet mykje av innverknaden sin, og i 1990 kunngjorde Taft Broadcasting at det skulle selja Hanna-Barbera Productions. Eit år seinare blei studioet kjøpt opp av Turner Broadcasting,[1] medan William Hanna og Joseph Barbera delvis arbeidde som «rådgjevarar» for alle nyproduksjonar. Fem år seinare blei Turner kjøpt opp av Time Warner.[1]

På slutten av 1990-talet hadde nyproduksjonane til Hanna-Barbera i prinsippet stansa. Den einaste delen av selskapet som framleis produserte seriar var Cartoon Network Studios, som blei skipa i 1994 for å produsera TV-seriar til kabelkanalen Cartoon Network (starta i 1992), som også viste dei klassiske Hanna-Barbera seriane. Dei nye seriane blei lanserte som Hanna-Barbera-produksjonar. I 1998 blei Hanna-Barbera-studioet lagt ned, og all verksemd flytt over til Warner Bros. Animations, ein del av Time Warner. Dette var byrjinga til slutten for Hanna-Barbera-namnet på dei seriane som blei skapte i samarbeid med Cartoon Network Studios.

I 2001, etter at William Hanna var død, blei hovuddelen av studioet lagt ned. Den siste offisielle Hanna-Barbera-produksjonen var Scooby-Doo and the Cyber Chase. Hanna-Barbera heldt fram med å vere under Warner Bros Animation, samtidig som Cartoon Network Studios blei gjort om til eit eige selskap. Joseph Barbera heldt fram med å arbeida for Warner Bros. Animations, og fungerte som administrerande produsent for alle nye og gamle Hanna-Barbera-produksjonar fram til han døydde i 2006.

Produksjon

endre

Utval av kjende figurar

endre

Eigne figurar

endre

Lisensproduserte figurar

endre

TV-seriar

endre

Kortfilmseriar

endre

Langfilmar

endre

Heimevideoar

endre

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Schneider, Richard Natale,Michael; Natale, Richard; Schneider, Michael (18. desember 2006), «Cartoon giant Barbera dies», Variety (på engelsk), henta 3. februar 2024 
  NODES
Done 1