Humanistisk jødedom

Jødedommen
Skrifter
Tanákh
Torá · Nebiím · Ketubím )
medrásj · Mekhiltá
Haggadá · siddúr
Talmúd
Misjná · Jerusjalmí
Bablí · Toseftá
Emunót vede‘ót
Misjné Torá
Moré nebukhím
Sjulḥán ‘arúkh · Mappá
Me‘ám lo‘éz
S. jesirá · Bahír · Zohar
Gudsteneste og bøn
Tempelet i Jerusalem
synagoge · minján
sjaḥarít · musáf
minḥá · ne‘ilá · ʿarbít
Modé aní · Sjemá‘
torálesing
kaddísj · ‘amidá
prestesigninga
‘alénu
kiddúsj · hammosí
b. hammazón
habdalá
Merkedagar
det jødiske året
pesah · ‘omer · sjabu‘ót
tisj‘á beáb · seliḥót
rosj hasjaná · kippúr
sukkót · sjeminí ‘aséret
simhat Torá · hanukká
tu bisjbát · purím
Livssyklus
berít milá
pidjón habbén
zebed habbát
bar miṣvá · bat miṣvá
bryllaup
Rituelle yrke
rabbinar · ḥazzán
daján · gabbáj
sofér · sjoḥét
Daglegliv
halakhá · bet din
mat · kasjrút  sjeḥitá
mikvé · tebilá · sjabbát
tallét · tefillín
Kulturell inndeling
sefardisk · askenasisk
mizrahisk · jemenittisk
italkisk · romaniotisk
Beta Esrael · Bene Israel
cochini · b. Menasjé
Teologisk inndeling
samaritansk
karaittisk
rabbanittisk
ortodoks · ḥasidisk
konservativ · reform
rekonstruksjonistisk
renewal · humanistisk
 
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme

Humanistisk jødedom eller human-etisk jødedom er ei rørsle innanfor jødedommen som legg vekt på jødisk kultur og historie heller enn trua på ein overnaturleg gud som kjelda for jødisk identitet. Filosofien i humanistisk jødedom er utleidd frå humanisme og livssynshumanisme. Den human-etiske jødedommen har desse karakteristiske trekka:

  • Ein jøde er ein person som identifiserer seg med historia, kulturen og framtida åt det jødiske folket.
  • Jødedommen er den historiske framtida åt det jødiske folket.
  • Menneske har makt til og ansvar for å forme sine eigne liv uavhengig av nokon overnaturleg autoritet.
  • Etikk og moral bør tene menneskelege behov og vala våre bør basere seg på omsyn til konsekvensane av handlingane våre heller enn førehandsdefinerte reglar og bod.
  • Jødisk historie, som all historie, er eit reint menneskeleg og naturleg fenomen. Bibelske og andre tradisjonelle tekstar er resultat av menneskeleg aktivitet og kan best bli forstått gjennom arkeologi og annan vitskapleg analyse.

Det mest kjennspake trekket ved humanistisk jødedom er at rituala og seremoniane ikkje inneheld bøn til eller påkalling av nokon overnaturleg gud.

Opphav

endre

Jødar med eit sekulært livssyn har funnest i mange århundre. Den første av dei vi kjenner til er truleg Elisha ben Abujá, som levde kring år 100. Sekularisme og ikkje-teisme vart likevel vidspreidd i jødiske krinsar først på 1800-talet i løpet av haskaláen, då mange haskaláleiarar avviste alle tradisjonelle ritual og trusprinsipp til føremon for rasjonalitet og vitskapleg metode. Blant aktivistane og dei intellektuelle leiarane kring slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet som bidrog mest til utviklinga av humanistisk jødedom, var Ahad Ha’am, Simon Dubnow og Chaim Zhitlovsky. I si noverande, formaliserte form vart retninga humanistisk jødedom grunnlagd i 1963 av rabbinar Sherwin Wine. Som rabbinar med utdanning innanfor reformødedommen med ei lita, sekulær og ikkje-teistisk meinigheit i Michigan, utvikla Wine ein jødisk liturgi som reflekterte dette og den filosofiske ståstaden åt meinigheita ved å leggja vekt på jødisk kultur, historie og identitet saman med humanetikk, samstundes som alle bøner og referansar til ein overnaturleg gud vart tekne bort. Denne meinigheita utvikla seg til den noverande meinigheita i Birmingham Temple, som no ligg i Farmington Hills i Michigan. Snart etter vart meinigheita følgt av Congregation Beth Or i Deerfield i Illinois under leiing av rabbinar Daniel Friedman og ei gruppe i Westport i Connecticut (den noverande «Congregation for Humanistic Judaism of Fairfield County, Connecticut»). I 1969 organiserte desse meinigheitene og fleire andre seg under paraplyorganisasjonen Society for Humanistic Judaism. The International Federation of Secular Humanist Jews, som er ein internasjonal paraplyorganisasjon for humanistisk-jødiske organisasjonar i tretten land, vart grunnlagt i 1986.

Trusprinsipp og religiøs praksis

endre

Humanistisk jødedom vart utvikla som ei mogleg løysing på problemet med å halde på jødisk identitet og kontinuitet blant ikkje-religiøse, sekulære nordamerikanske jødar på ei tid då andre organisasjonsformer innanfor sekulær jødedom var på tilbakegang – inkludert jødisk kulturell nasjonalisme, jiddischisme og ymse former for sionisme. Wine såg at jødisk religiøst meinigheitsliv blomstra, og han trudde at sekulære jødar som hadde avvist teismen ville søkje seg til ein organisasjon som hadde alle dei same hendingane og aktivitetane som t.d. reformtempel, men som stod for eit reint sekulært humanistisk livssyn.

På enkelte måtar er trusprinsippa i humanistisk jødedom like dei som mange innanfor klassisk rekonstruksjonistisk jødedom har, med si vekt på å halde på den jødiske identiteten på den eine sida og trua på ein fullt ut vitskapleg ståstad og ein John Dewey-aktig etisk ståstad på den andre. Men humanistisk jødedom står for eit mykje meir radikalt avvik frå tradisjonell jødisk religion enn Mordecai Kaplan nokon gong såg for seg. Kaplan omdefinerte ‘Gud’ og andre tradisjonelle religiøse omgrep for å harmonisere dei med ein vitskapleg-sekulært ståstad, og fortsette bruken av den tradisjonelle liturgien i ei omtolka og lett revidert utgåve.

Wine avviste Kaplan sin innfallsvinkel som forvirrande, ettersom deltakarane kunne tilskrive orda i liturgien akkurat dei definisjonane som dei sjølve føretrekte. Wine på si side arbeidde for å oppnå filosofisk logisk konsekvens og stabilitet ved å skapa ritual og seremoniar som var reint ikkje-teistiske. Seremoniar vart skapte for sjabbát, rosj hasjaná, jom kippúr og andre jødiske helgedagar – ofte med omdefinering av innhaldet i kvar heilagdag for å oppnå konformitet med ein sekulær humanistisk filosofi.

The International Institute for Secular Humanistic Judaism, som er basert på økonomisk støtte frå the Society for Humanistic Judaism, the Congress of Secular Jewish Organizations og the Workmen’s Circle/Arbeter Ring, utdannar rabbinarar og andre leiarar i USA og i Israel.

Jødisk identitet og blanda ekteskap

endre

Innanfor den humanistiske jødedommen er jødisk identitet stort sett definert ut frå eigenidentifisering – den som kjenner seg jødisk, vert rekna som jødisk. Rabbinarar og andre leiarar med tilstrekkeleg opplæring forrettar ved bryllaup mellom jødar og ikkje-jødar, og den humanistisk-jødiske rørsla tek ikkje noko standpunkt eller aksjon mot blanda ekteskap. Dette radikale synet på jødisk identitet og blanda ekteskap vert kritisert av dei som meiner dette vil auke den fulle assimilasjonen av jødar i det generelle samfunnet og dermed påverke jødisk kontinuitet negativt. Wine og andre innanfor den humanistiske jødedommen gjev som svar på denne kritikken at slik oppsøkjande verksemd til ikkje-jødar er nødvendig for å motverke at dei jødiske livspartnarane deira avviser deira jødiske identitet.

Likestilling

endre

Humanistisk jødedom er egalitær når det gjeld kjønn, jødisk status og seksuell legning. Namneseremoniar for born, uavhengig av kjønn, er sett i staden for den askenasiske skikken å hovudsakleg berre feire gutar (ved berít milá-seremonien). Både dei som reknar seg som jødar og dei som ikkje gjer det, og òg homofile, biseksuelle og transseksuelle, kan taka del på alle måtar i ritual og i alle leiarrollar.

Kjelder

endre
  • Judaism Beyond God: A Radical New Way to Be Jewish, Sherwin T. Wine, KTAV Publishing House and Society for Humanistic Judaism, 1996.
  • God-Optional Judaism: Alternatives for Cultural Jews Who Love Their History, Heritage, and Community, Judith Seid, Citadel Press, 2001.
  • Judaism In A Secular Age : an Anthology of Secular Humanistic Jewish Thought, Edited by: Renee Kogel and Zev Katz, KTAV Publishing House and International Institute for Secular Humanistic Judaism, 1995.
  • «Humanistic Judaism» frå English Wikipedia

Bakgrunnsstoff

endre


  NODES
Community 1
Intern 7
mac 1
os 8
todo 1