Ida Auken

dansk prest

Ida Margrethe Meier Auken (fødd 22. april 1978Frederiksberg) er ein dansk politikar for Socialdemokratiet. Ho har vore vald til Folketinget frå Københavns storkrins sidan 2007.[1] Auken blei i 2011 miljøvernminister for Socialistisk Folkeparti i den fyrste regjeringa til Helle Thorning-Schmidt. Då Auken fråtredde i 2014, melde ho overgang til Radikale Venstre.[2] I 2021 gjekk ho til Socialdemokratiet.[3]

Ida Auken

Fødd22. april 1978 (46 år)
Frederiksberg
Statsborgar avKongeriket Danmark
PartiRadikale Venstre (januar 2014; januar 2021)
Yrkeprest, teolog, politikar
Utdanna vedKøbenhavns Universitet
MorMargrete Auken
FarErik A. Nielsen
MedlemSiri Commission
Alle verv
  • Danmarks miljøminister (2011–2014)
  • medlem av Folketinget
  • medlem av Folketinget
  • medlem av Folketinget
  • medlem av Folketinget
  • medlem av Folketinget Sjå dette på Wikidata

Liv og virke

endre

Auken er dotter av presten, europaparlamentsmedlemmen og den tidlegare folketingsmedlemmen Margrete Auken og professor emeritus i litteraturhistorie Erik Aksel Nielsen.[1] Den tidlegare miljøvernministeren og formannen i Socialdemokratiet, no avdøde Svend Auken, var morbroren hennar.

Auken har teologisk embetseksamen frå Københavns Universitet frå 2006. Etter studia hadde ho praksis som sjukehusprest ved Rigshospitalet i København og som fengselsprest. Dei teologiske interessene hennar dreier seg om forholdet mellom religion og politikk. Ho har vore ekstern lektor ved Københavns Universitet og undervist ved Folkeuniversitetet i København. Før ho blei vald til Folketinget, arbeidde ho som redaktør i forlaget Alfa, som gjev ut teologisk litteratur.[1]

Auken blei nominert til Folketinget frå Esbjerg krins til folketingsvalet i 2005, men blei ikkje vald. Ho har vore vald til Folketinget frå Københavns storkrins sidan 2007. Ho var miljøpolitisk talskvinne i Socialistisk Folkeparti i fleire år, leia det miljøpolitiske utvalet i partiet 2005–2007, og sat i energiutvalet og kulturutvalet til Folketinget 2007–2011.[1] Etter at Socialistisk Folkeparti gjekk ut av regjeringa i januar 2014, melde dei avtroppande ministrane Auken og Astrid Krag overgang til høvesvise Radikale Venstre og Socialdemokraterne.[2] Auken er sidan attvald til Folketinget.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Ida Auken (S)» (på dansk). Folketinget. Henta 19. august 2021. 
  2. 2,0 2,1 Justesen, Anne og Mølgaard, Christian Juhl (31. januar 2014). «Ida Auken skifter til Radikale» (på dansk). altinget.dk. Henta 1. februar 2014. 
  3. Patscheider, Cecilie Strømgaard, Vestergren, Jesper og Bagge, Christoffer Løvstrup (29. januar 2021). «Ida Auken er færdig i Radikale Venstre – skifter til Socialdemokratiet» (på dansk). TV 2. Henta 19. august 2021. 
  NODES
os 1