Ido er eit internasjonalt planspråk, inspirert av esperanto, som vart lagt fram i 1907. Det blir tala av ei lita gruppe menneske i dag, hovudsakleg i Europa, men har ingen morsmålsbrukarar.[1]

Ido
Klassifisering konstruerte språk
Bruk
Idotalande i alt Ingen morsmålsbrukarar
Skriftsystem Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-3 ido
 
Ido-flagget

Ido er eit språk til bruk i kommunikasjon mellom folk som har ulike morsmål. Det er lettare å læra enn andre språk, slik at det er større sjanse for at folk kan snakka på like fot med kvarandre. Til samanlikning har engelskspråklege eit stort fortrinn når det skal snakkast engelsk i internasjonale samanhengar. Den som forhandlar på framandspråket engelsk med folk som har engelsk som morsmål, har eit problem.

Ido er meint å vera meir rettvist i slike samanhengar, ved at ingen skal eiga det meir enn andre (difor møter me av og til omgrepet «nøytralt språk»). Det at det er så lett å læra som det er, gjer også at det er fleire som kan læra ido bra nok til å føra gode samtalar enn tilfellet er med andre framandspråk. Dette styrkjer kontakten mellom vanlege «menn og kvinner i gata», utan å favorisera dei som er spesielt flinke i språk, eller dei som har spesielt god tid (og spesielt mykje pengar) til å læra seg framandspråk.

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre
  NODES
Done 1
eth 1