Ina Claire

amerikansk skodespelar (1893-1985)

Ina Claire, opphavleg Ina Fagan (15. oktober 189321. februar 1985) var ein amerikansk skodespelar.

Ina Claire

Fødd15. oktober 1893
FødestadWashington
Død21. februar 1985 (91 år)
DødsstadSan Francisco
Aktive år1915–1943
Verka somskodespelar, teaterskodespelar, filmskodespelar
EktefelleJohn Gilbert
Prisarstjerne på Hollywood Walk of Fame

Ina Claire var fødd i Washington, D.C. Ho opptredde som komikar i revyar som syttenåring, og filmdebuterte i 1915. Ho medverka på scene i Ziegfeld Follies både i 1915 og 1916, og var frå 1919 til 1921 med i skodespelet The Gold Diggers. På 1920-talet var ho ei stor stjerne på Broadway. I 1929 vende tilbake ho til filmen. Ho var med i nokre filmar til, men hadde sine store suksessar på scenen. Ho trekte seg tilbake i 1954.

Ina Claire var gift tre gonger. Det andre ekteskapet hennar (1929–1931) var med filmidolet John Gilbert.

Filmar

endre
 
Frå traileren til filmen Ninotchka (1939)
År Tittel Rolle Merknad
1915 The Wild Goose Chase Betty Wright Kortfilm

Tapt

The Puppet Crown Princess Alexia Tapt
1917 National Red Cross Pageant Jeanne D'Arc - fransk episode Tapt
1920 Polly With a Past Polly Shannon Tapt
1929 The Awful Truth Lucy Warriner Tapt
1930 The Royal Family of Broadway Julie Cavendish
1931 Rebound Sara Jaffrey
1932 The Greeks Had a Word for Them Jean Lawrence
1939 Ninotchka Grand Duchess Swana
1940 I Take This Woman Cesca Marcesca (scenar kutta)
1943 Claudia Mrs. Brown
Stage Door Canteen Ina Claire (siste filmrolle)

Kjelder

endre
  NODES