Dei Indre Hebridane (skotsk-gælisk Na h-Eileanan a-staigh) er ei øygruppe på den skotske vestkysten, søraust for Ytre Hebridane. Desse to øygruppene utgjer til saman Hebridane.

Hebridane (Indre Hebridane i raudt)

Øyane vert tradisjonelt delte inn i dei nordlege og dei sørlege Indre Hebridane. Dei nordlege høyrer til regionen Highland, medan dei sørlege høyrer til Argyll and Bute. Av dei nordlege ligg den største av øyane, Skye, og fleire mindre øyar, mellom anna Rona, Raasay, Scalpay, Soay, Rùm, Eigg, Canna, Sanday og Muck. Dei sørlege øyane inkluderer mellom anna Mull, Coll, Tiree, Ulva, Iona, Staffa, Colonsay, Oronsay, Jura og Islay.

Mellom dei Indre og Ytre Hebridane ligg The Minch i nord og Hebridesjøen i sør. Tidlegare var heile Hebridane ein sterk skotsk-gælisk-talande region og i 1921 talte meir enn 50 % av folkesetnaden dette språket. I dag er det berre på Ytre Hebridane at gælisk framleis står sterkt. Under folketeljinga i 2001 var det berre på Skye (31%) og Tiree (48%) at meir enn 25 % snakka gælisk, og på Mull, Jura, Gigha og Coll var det færre enn 15 %.[1]

Den moderne økonomien er basert på turisme, jordbruk, fiske og whiskyproduksjon. Øygruppa er utsett for vind og tidvatn og her finst mange fyr til å hjelpa sjøfarten.[2]

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. Mac an Tàilleir, Iain 1901–2001 Gaelic in the Census Linguae Celticae.
  2. «Lighthouse Library» Arkivert 2009-09-18 ved Wayback Machine., Northern Lighthouse Board.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Indre Hebridane
  NODES