Inessiv er eit kasus som blir brukt til å merke visse adverbiale setningsledd. Grunntydinga til inessiv er i, inni. Termen inessiv blir brukt for finsk og dei andre austersjøfinske språka, og for tilsvarande kasus i lule- pite-, ume- og sørsamisk.

Eit døme frå finsk er Kirja on laukussa «Boka er i veska» (laukku «veske»). Inessiv i dei samiske språka skil seg frå dei austersjøfinske ved at der inessiven i austersjøfinsk er eit indre lokalkasus som kontrasterer med det ytre lokalkasuset adessiv, har dei samiske språka ikkje denne skilnaden. Inessiv i dei samiske språka har eit større bruksområde, og tilsvarer både indre og ytre lokalkasus i dei austersjøfinske språka.

Termen inessiv

endre

Termen inessiv er først brukt for finsk i Gustaf Renvall sin finske grammatikk frå, etter eit framlegg frå Rasmus Rask[1]. Rask sett i den nordsamiske grammatikken sin først opp eit system for finsk, der han kallar ordformer danna med kasusendinga -ssa/-ssä for indiforholdet, latinsk inessivus, til skilnad frå -lla/llä, som han kallar vedforholdet, latin allativus. Deretter viser han til den nordsamiske forma vare ald’ ("på fjellet"), som han kallar vedforhold, og sanest ("i ordet") og girkost’ ("i Tempelet"), som han kallar indiforhold (s. 36).

I og med at nordsamisk ikkje skil mellom "i-kasus" og "frå-kasus" har nordsamiske grammatikkar frå og med Friis kalla den nordsamiske kasusforma lokativ.

Fotnotar

endre
  1. For referanse til termen, sjå Rask s. 34, Renvall s. 12.

Litteratur

endre
  NODES