Ipatovo
Ipatovo (russisk Ипа́тово) er ein by i Stavropol kraj i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Kalaus, rundt 100 km nordaust for Stavropol.
Ipatovo Ипатово | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Russland | |
Føderasjonssubjekt | Stavropol kraj | |
Grunnlagd Bystatus |
1860 1979 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - Totalt (2008) |
28 133 | |
Koordinatar | 45°43′00″N 42°54′00″E / 45.71667°N 42.90000°E | |
Tidssone - Ved sommartid |
MSK (UTC+3) MSD (UTC+4) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 356630 | |
Retningsnummer (tlf) | +7 86542 |
Ipatovo vart grunnlagd i 1860 som busetnaden Tsjemrek. Namnet vart seinare endra til Vinodelnoje (russisk: Виноде́льное, omsett: Landsbyen der det vert laga vin) sidan det var mange statlege vinkjellarar i byen. I 1935 vart namnet igjen endra, til det noverande Ipatovo, kalla opp etter den russiske helten frå borgarkrigen, P. M. Ipatov, som døydde her i 1918. Ipatovo fekk bystatus i 1979.
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «Ipatovo» frå Wikipedia på bokmål, den 27. januar 2009.
Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.