Ei jente eller taus er eit menneskebarn av hokjønn, i motsetnad til ein gut, som er eit barn av hankjønn. Jenter veks opp til å bli kvinner.

To jenter som er venninner.
Foto: Benjamin Gimmel

Ordsoge

endre

Ordet «jente» stammar frå norrønt genta, av gant, 'spøk, fjas', medan «pike» (norrønt píka) truleg stammar frå finsk. Opphavet til «taus» er ukjent, men det kan ha samanheng med tysja — ei fjasejente eller ei kvinneleg vette. «Jente» er eit særnorsk ord som på dansk og svensk hovudsakleg blir brukt for å visa til norske jenter.

Orda for jenter kan også brukast i samanhengar eller åleine for å visa til tenestejenter, og i nokre samanhengar også for å visa til prostituerte eller lettliva kvinner. Liknande bruk finst også i andre språk, til dømes engelsk «girl», som både har blitt brukt om prostituerte og tenestefolk.

Bakgrunnsstoff

endre
  NODES