John Dowland
John Downland (fødd 1563 i London eller Dublin,[a] gravlagd 20. februar 1626 i London) var ein engelsk songar, luttspelar og komponist. Han er i dag best kjent for dei melankolske songane sine, som til dømes «Flow my tears», «Come heavy sleep», «I saw my Lady weepe» og «In darkness let me dwell». Utover 1900-talet vart instrumentalmusikken hans gjenstand for fornya interesse, og finst no i repertoara til mange klassiske gitaristar.
John Dowland | |||
| |||
Fødd | 1563 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | London i England | ||
Død | 20. februar 1626 (63 år) | ||
Dødsstad | London i England | ||
Opphav | Kongeriket England | ||
Aktiv | 1592-1622 | ||
Sjanger | Renessansemusikk | ||
Instrument | Lutt | ||
Verka som | Songar, luttspelar og komponist | ||
Born | Robert Dowland |
Biografi
endreFrå 1579 til 1584 var Dowland i teneste hos den engelske ambassadøren ved det franske hoffet Sir Henry Cobham og etterfølgjaren Edward Stafford, 3. hertug av Buckingham. På denne tida konverterte han til katolisismen, noko han hevda førte til at han ikkje fekk ein post ved det protestantiske hoffet til Elisabeth I av England. Påstanden er noko tvilsam sidan han ikkje hadde gjort trusskiftet kjend, og det fanst dessutan viktige katolske musikarar som gjorde karriere ved hoffet til Elisabeth I., som til dømes William Byrd.
Etter at han ikkje lukkast i å få stillinga som kongeleg luttenist etter John Johnson gav han seg i 1594 ut på ein eitt år lang utanlandsreise. Først heldt han seg ved hoffet til hertugen av Braunschweig i Wolfenbüttel og hos Landgreve Moritz von Hessen i Kassel. Så reiste han til Firenze der han fekk kjennskap til at ei gruppe engelskmenn i eksil planla eit attentat på den engelske dronninga. Han skreiv eit brev tilbake til England om dette og reiste derfrå, først til Nürnberg og tilslutt tilbake til London rundt årsskiftet 1596-97, framleis med håp om å få stilling som hoffluttenist. Forhåpningane vart raskt knust då velgjeraren hans Henry Noel døydde kort tid etter at han hadde skrive eit brev til Dowland og bede han kome attende til England.
Det neste utanlandsopphaldet til Dowland førte han til Danmark der han frå 1598 til 1606 var luttenist hos kong Kristian Kvart som hadde eit av dei beste og mest moderne musikkmiljøa i Europa på denne tida. Dowland heva ei stor løn på 500 daler, men treivst likevel ikkje, og under ei reise til England i 1603-1604 nytta han høvet til å overvintre der. Hoffreknskapa til danskekongen gjev at han vart borte «en langsommeleg tid længer, end kongeleg Majestæt han nådigst havde forløvet». Til slutt vart han tilsynelatande sparka på grunn av «upassende oppførsel», det finst dokument som kan tyde på at han har hatt i oppdrag å spionere på den danske politikken overfor England[treng kjelde] på ei tid forholdet mellom landa var særs dårleg.
Tilbake i England var han nokre år tilsett hos hoffmannen Theophilus Howard, Lord Walden, men 28. oktober 1612 fekk han endeleg den etterlengta posten som Musician for the lute ved det kongelege hoffet til Jakob I av England. Ironisk nok skreiv han nesten ingen fleire komposisjonar, truleg fordi musikken hans var i ferd med å bli umoderne etter kvart som den nye barokkmusikken utvikla seg.
Musikk
endreDet musikalske opuset til Dowland omfattar songar med luttakkompagnement, verk for luttsolo og verk for gambeconsort med luttakkompagnement.
Songar
endreSongane hans omhandlar ganske ulike tema. Musikalsk dreier det seg om strofiske songar, sjeldnare om gjennomkomponerte stykke. Akkompagnementet er hovudsakleg homofont med talrike forsiringar. Nokre av songane, som til dømes den kjende «Flow My Tears» eller «Oh, sweet woods» inneheld òg polyfone gjennomkomponerte passasjer der polyfonien er på grensa til det som er spelteknisk mogeleg på ein lutt. Den tekstlege uttalen er stort sett tydeleg.
Musikk for engelsk consort
endreInstrumentalmusikken til Dowland er særleg viktig. Komposisjonane hans for gambeconsort med luttakkompagnement markerer ein av dei første høgdepunkta i utviklinga av ein sjølvstendig instrumentalmusikk innan europeisk musikkhistorie. I denne samanhengen kan alle sju variasjonar over temaet frå Lachrimae pavanen (opphevleg ein luttsolo, seinare omarbeidd til songen «Flow My Tears») nemnast, samt consort-utgåva av luttsoloen «Semper Dowland, Semper Dolens». I begge stykka er den melankolske stemninga som er så vanleg i stykka til Dowland spesielt tydeleg, musikalsk understreka av ein forholdsvis farge- og dissonansrik harmonikk.
Luttsoloar
endreOm lag 100 av komposisjonane til Dowland for luttsolo er bevart. Dei høyrer til dei mest krevjande og modne verk for instrumentet og finst i det faste repertoaret til nesten alle luttenistar og klassiske gitaristar.
Verkliste luttsolar
endre
|
|
|
Merknadar
endre- ↑ Fødestaden er ikkje sikker Biografi om Dowland (tysk). Andre kjelder nemner Dalkey ved Dublin som fødestad.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «John Dowland» frå Wikipedia på bokmål, den 3. april 2010.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Videoar med Valeria Mignaco, sopran & Alfonso Marin, lutt
- Verk av og om John Dowland i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- johndowland.de Arkivert 2009-04-05 ved Wayback Machine. Informasjon om John Dowland (tysk)
- declamp.net Liste over verka til Dowland (engelsk)
- Videoar
- «Flow my tears» Valeria Mignaco, sopran og Alfonso Marin, lutt
- Plateopptak Nigel North, lutt
- Lachrymae Pavane Winston Arblaster, gitar solo i The Bishop's Chapel, Wells, England.
- Notar