Jordskjelvet i Haiyuan 1920
Jordskjelvet i Haiyuan 1920 var eit jordskjelv som fann stad nord i Kina den 16. desember 1920. Skjelvet hadde sitt episenter på 36°30′N 105°42′E / 36.50°N 105.70°E i Haiyuan fylke i dagens autonome region Ningxia. Hovudskjelvet hadde ein momentmagnitude på 7,8 og hende klokka 19.06.53 lokal tid. Dette skjelvet vart fylgt av etterskjelv over ein periode på tre år.
235 502 menneske skal ha omkome i skjelvet, av desse over 73 000 i sjølve Haiyuan fylke. Eit jordras gravla landsbyen Sujiahe i fylket Xiji. Meir enn 30 000 menneske omkom i prefekturet Guyuan. Nesten alle hus i byane Longde og Huining raste saman. Også i større byar som Lanzhou, Taiyuan, Xi'an, Xining og Yinchuan oppstod skadar. Skjelvet kunne kjennast frå strendene ved Gulehavet til provinsen Qinghai i vest, og frå Indre Mongolia i nord til Sichuan i sør. Langs ei strekning på om lag 200 km oppstod sprekker. I områda nær episenteret vart elvar oppdemde, medan andre tok nye far.
Seiches frå dette jordskjelvet vart observert i to vatn og tre fjordar vest i Noreg.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «1920 Haiyuan earthquake» frå Wikipedia på tysk, den 13. juni 2013.