Julius Nyerere
Julius Kambarage Nyerere (13. april 1922–14. oktober 1999) var ein tanzaniansk politikar og statsmann som var statsminister i Tanganyika 1961–1962, dinest president 1963–1964. Han var òg president i Tanzania frå 1964 til han pensjonerte seg i 1985.[1][2] På swahili vert han ofte omtalt med tittelen Mwalimu – «lærar» – som var yrket hans før han vart vald til president.[3]
Julius Nyerere | |||
| |||
Fødd | 13. april 1922 Butiama | ||
---|---|---|---|
Død | 14. oktober 1999 (77 år) | ||
Statsborgar av | Tanzania | ||
Parti | Tanganyika African National Union (1954–1977) Chama cha Mapinduzi (1977–1999) | ||
Yrke | lingvist, politikar, omsetjar, skribent, lærar, lærar | ||
Utdanna ved | Makerereuniversitetet University of Edinburgh Universitetet i Fort Hare | ||
Ektefelle | Maria Nyerere | ||
Verv | President i Tanzania 26. april 1964–5. november 1985 | ||
Føregangar | Ingen | ||
Etterfylgjar | Ali Hassan Mwinyi | ||
Verv | President i Tanganyika 9. desember 1962–26. april 1964 | ||
Føregangar | Ingen | ||
Etterfylgjar | Ingen | ||
Verv | Statsminister i Tanganyika 2. september 1960–22. januar 1962 | ||
Føregangar | Ingen | ||
Etterfylgjar | Rashidi Kawawa | ||
Alle verv |
Etter å ha studert i Storbritannia var Nyerere med på å danna sjølvstendepartiet Tanganyika African National Union (TANU) i 1954. I 1960 vart han utnemnd til regjeringssjef av britane, og i 1962 vart han den fyrste presidenten i den uavhengige nasjonen Tanganyika. Da Tanganyika vart slege saman med Zanzibar vart han den fyrste presidenten i det nye landet, Tanzania. Den sosialistiske politikken til Nyerere vert kalla Ujamaa.[4]
I 1985 trakk han seg friviljug som president og vart etterfylgd av Ali Hassan Mwinyi. Nyerere døydde i London i 1999 av leukemi.
Kjelder
endre- ↑ «Julius Nyerere» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «Julius Nyerere» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 2. mars 2024.
- ↑ «Mwalimu Julius Kambarage Nyerere - Biography» (på engelsk). juliusnyerere.org. Henta 2. mars 2024.
- ↑ Julius K. Nyerere (1962). Ujamaa - The Basis of African Socialism.