Juni
den sjette månaden i juliansk og gregoriansk kalender
Juni er den sjette månaden i den julianske og gregorianske kalenderen. Han har 30 dagar. Juni har namn etter den romerske gudinna Juno, som var dronning for gudane og gudinne for ekteskapet. Namnet er avleidd frå latin junius [mensis], '[månaden] til Juno'.
På den nordlege halvkula er juni ofte rekna som den første sommarmånaden. Midsommarsfeiringa jonsok eller sankthans finn stad kvelden før eller på den 24. juni.
Sjå òg
endreKjelder
endre- «June», Britannica School, Encyclopædia Britannica, Inc., 2016, henta 17 Apr. 2016
- Knowles, Elizabeth, red. (2005), «June», The Oxford Dictionary of Phrase and Fable, Oxford University Press, henta 17 Apr. 2016