Juventus

italiensk fotballklubb

Juventus Football Club er ein fotballklubb frå Torino i Italia. Klubben blei stifta i 1897, og er ein av dei eldste i Italia. Juventus har også vunne flest titlar, totalt 27 titlar i Serie A.

Juventus FC 

Fullt namnJuventus Football Club
KallenamnLa Vecchia Signora (den gamle dama)
La Fondanzata d'Italia (Den italienske kjærasten)
La Madama (damen)
Il Bianconeri (Dei svarte og kvite)
La Zebre (Sebraene)
La Signora Omicide (Drapsdama)
La Gheuba (Ringaren)
Kort namnJuve, JFC, JUV 
Grunnlagd1. november 1897 (som Sport-Club Juventus)
HeimebaneJuventus Stadium
(kapasitet: 41 507)
StyreleiarAndrea Agnelli
HovudtrenarThiago Motta
LigaSerie A 
2019–20201. plass
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Noverande sesong

Historie

endre

Juventus blei stifta i november 1897 av studentar frå Massimo D'Azeglio-skolen. Laget vann ein tittel i ein tidleg versjon av den nasjonale ligaen så tidleg som 1905, men vann ikkje sin andre tittel før 1926. I 1923 fekk Agnelli-familien (eigarane av Fiat) kontrollen over klubben og bygde ein privat stadion i Villar Perosa, nær Torino. Frå 1931 vann klubben fem italienske ligatitlar på rad og i 1933 tok dei til å spela på Stadio Comunale. Etter andre verdskrigen var klubben framgangsrik nasjonalt og vann sitt tiande ligameisterskap i 1961. Dei vann rett nok ikkje nokre europeiske titlar igjen før 1977, då dei vann UEFA-cupen.

Høgdepunktet til Juventus i Europa blei ikkje nådd før 1985 då de vann Meisterligaen, men denne suksessen blei overskugga av Heysel-tragedien som skjedde under finalen mellom Juventus og Liverpool. Juventus vann Meisterligaen for andre gong i 1996. I 2003 var dei nære, men tapte på straffesparkkonkurranse mot rivalen AC Milan i finalen.

Juventus vann Europacupen for cupvinnarar i 1984 og to UEFA-cupmeisterskap i 1990 og 1993.

Kjelder

endre
  Denne idrettsartikkelen som har med Italia å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
  NODES