Kantonen Neuchâtel

Neuchâtel[a] er ein kanton i det vestlege Sveits. Kantonen har eit areal på 803 km2, og hadde om lag 180 000 innbyggarar i 2018. Byen Neuchâtel er hovudstad i kantonen.

Neuchâtel
Neuenburg
kanton
Symbol
Forkorting: NE
Land  Sveits
Del av Romandie, Espace Mittelland
Hovudstad Neuchâtel
Høgaste punkt Chasseral
 •  høgd 1 552 moh.
Areal 802,24 km²
Folketal 176 850 (31. desember 2018)[1]
Kanton sidan 1815
Kart
Kantonen Neuchâtel
46°59′00″N 6°47′00″E / 46.983333333333°N 6.7833333333333°E / 46.983333333333; 6.7833333333333
Kart som viser Kantonen Neuchâtel.
Kart som viser Kantonen Neuchâtel.
Kart som viser Kantonen Neuchâtel.
Wikimedia Commons: Canton of Neuchâtel

Geografi

endre
 
Utsyn over «sjøbreidda» og Neuchâtelsjøen frå Jurafjella.
 
Distriktskart over Neuchâtel.

Kantonen Neuchâtel grensar i nordvest til regionen Franche-Comté i Frankrike, og til kantonane Jura i nord, til Bern i nordaust og til Vaud i sørvest. Fribourg ligg på søraustbreidda av Neuchâtelsjøen. Distrikta Neuchâtel og Boudry vert ofte nemnt som Le Littoral («Sjøbreidda»), og La-Chaux-de-Fonds og Le Locle som Montagnes Neuchâteloises («Neuchâtelfjella»). Høgste punktet i kantonen, 1 552 moh, ligg ved fjellet Chasseral, fjelltoppen er i Bern. Lågastliggande punktet er Bielsjøen på 429 moh.

Språk og samfunn

endre

23,4% av innbyggarane er utanlandske statsborgarar. Talemålet i Neuchâtel er i all hovudsak fransk. Tidlegare var kantonen dominert av protestantar, i dag utgjer dei 38& av folketalet. 31% av folket soknar til den romersk-katolske kyrkja.

Distrikt og kommunar

endre

Neuchâtel består av 6 distrikt, som er delt opp i til saman 62 kommunar. Dei seks distrikta er Boudry, La Chaux-de-Fonds, Le Locle, Neuchâtel, Val-de-Ruz og Val-de-Travers.

Historie

endre

Neuchâtel var eit fyrstedømme under ulike dynasti frå 1000-talet. I 1815 gjekk fyrstedømmet inn i det sveistiske eidsforbundet. Neuchâtel vart då det første og det einaste fyrstedømet som har vore medlem av det republikanske Sveits. Etter ein fredfull revolusjon i 1848, vart Neuchâtel ein kanton. Same året gjekk Sveits over frå å vere eit eidsforbund til å verte sambandsstat. Den styrta fyrsten, kong Fredrik Vilhelm IV av Preussen, stod bak fleire motrevolusjonar, den alvorlegaste hende i 1856-57. Krisa enda med at prøyssarkongen måtte seie frå seg fyrstekravet.

Merknader

endre
  1. fransk République et Canton de Neuchâtel, tysk Kanton Neuenburg, retoromansk Chantun Neuchâtel, italiensk Cantone di Neuchâtel.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Kantonen Neuchâtel
  NODES
Done 1
punk 3