Kantonesisk eller yue er eit sinotibetansk språk som blir snakkar i Sør-Kina rundt Hongkong-området av rundt 80-100 millionar menneske. Ifølgje tidlegare tal er det rekna som om lag det 18. mest tala språket i verda.

Kantonesisk
tradisjonelt 粵語, forenkla 粤语,

kantonesisk yuet'yue; mandarin-pinyin yueyu

Klassifisering Sino-tibetansk
 Sinittisk
  Kinesisk
   Yue
Talarar kantonesargruppa av hankinesarar
Bruk
Tala i Kina, Malaysia, Vietnam, Canada, USA, Storbritannia og andre kantonesiske utvandrarområde
Område Aust-Asia
Kantonesisktalande i alt 56 millionar (1984)
Rangering 18
Skriftsystem Kinesisk
Språkkodar
ISO 639-3 yue

Kantonesisk blir skrive med kinesisk skrift som er blitt utvida med rundt 2000 teikn. Innan Kina blir kantonesisk gjerne rekna som ein dialekt av kinesisk, men språket skil seg meir frå standard mandarin enn til dømes norsk frå engelsk. Kantonesisk har seks eller sju tonelag, avhengig av dialekt. Mandarin har fire.

Det kantonesiske språkområdet
Kantonesiske dialektar

Dei kantonesisktalende områda omfattar Guangdong- og Guangxi-provinsane og regionane Hongkong og Macao. Dei blei innlemma i Kina under Tang-dynastiet for rundt 1 300 år sidan.

På grunn av den økonomiske og kulturelle dominansen til Hongkong, er kantonesisk den kinesiske dialektgruppa som har den sterkeste stillinga bortsett frå mandarin.

Fordi underhaldningsindustrien fekk utvikla seg fritt i Hongkong medan det var eit britisk protektorat, fram til 1997, utvikla det seg ein kantonesiskspråklig musikk- og filmindustri. Ettersom Folkerepublikken Kina gav mindre gode vekstvilkår til kommersiell kultur, førte dette til at kantonesiskspråklige filmar i Vesten nær blei synonymt med «kinesisk film». Sidan 1960-talet har det utvikla seg ei særegen kantonesiskspråkleg popmusikkform, kalla cantopop, som har har verka inn på taiwanesisk og kinesisk pop («mandopop») likt britisk 60-tallspop har hatt på populærmusikken i Vesten.

Bakgrunnsstoff

endre

Kjelder

endre
  NODES
mac 2
musik 3
os 1