Knerot

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Goodyera
Art: G. repens
Vitskapleg namn
Goodyera repens
(Linné) R.Br.
Økologi
Habitat: kalkrik skog
Utbreiing: nordlege halvkule

Knerot (Goodyera repens) er ei planteknerotslekta Goodyeraorkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1][2]

Utsjånad

endre

Knerot er ein liten, grønkvit orkide med krypande jordstengel og ein rosett med eggforma blad nær bakken. Dei hårete, gulkvite einskildblomane sit i eit smalt, einsidig aks. Namnet på arten kjem frå at stengelen har eit «kne», ein knekk i rett vinkel nede ved bladrosetten.

Utbreiing

endre

Knerot veks i skog over store delar av landet.[3] Frå 2021 er arten komen med på Norsk raudliste for artar som nær truga (NT).[4]

Arten finst òg i Sverige (status VU, svensk namn knärot),[5] i Danmark (LC, dansk namn knærod)[6] og i Finland (LC, finsk namn yövilkka).[7]

Knerot (engelsk namn creeping lady's-tresses) veks i den nordlege delen av Storbritannia. I den britiske raudlista har arten status som livskraftig (LC),[8] slik som lokalt i England.[9] Arten er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[10]

I Estland (estisk namn roomav öövilge) veks knerot over det meste av landet, mest i aust, og er rekna som livskraftig (LC).[11] I Latvia (latvisk namn ložņu saulenīte)[12] er arten temmeleg vanleg i barskog over heile landet og står ikkje som truga på den latviske raudlista.[13] I Litauen (litauisk namn šliaužiančioji sidabriukė) er arten ein av dei mest vanlege orkideane, mest i aust og sør.[14] Han er rekna som livskraftig.[15]

I Benelux er arten ein relativ nykomar (nederlandsk namn dennenorchis, fransk namn goodyère rampante) ein relativ nykomar som først vart funnen i Nederland i 1880. No veks han spreidde stader i landet, men er i tilbakegang. I Flandern i Belgia var han først registrert i 1942 og finst mest i nordaust. I Vallonia vart han registrert først gong i 1902 og er no svært sjeldan i sør.[16][17] I den nederlandske raudlista er arten rekna som sterkt truga (EN, bedreigd).[18] I Belgia er han ikkje raudlistevurdert i Flandern, men er rekna som sterkt truga (EN, en danger) i Vallonia.[19] I Luxembourg er han ein etablert framandart (EA, established alien) som er rekna som livskraftig (LC).[20]

Referansar

endre
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar knerot». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre knerot». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  3. «Artskart: Knerot, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 3. mars 2022. 
  4. «Raudlista: Knerot». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 3. mars 2022. 
  5. «Artfakta naturvård: Goodyera repens knärot». Artdatabanken. Henta 6. mars 2022. 
  6. «Naturbasen: Knærod Goodyera repens». Naturbasen. Henta 6. mars 2022. 
  7. «LAJI: Goodyera repens». LAJI.FI. Henta 6. mars 2022. 
  8. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  9. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  10. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  11. «eElurikkus: Goodyera repens» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 4. februar 2023. 
  12. «Latvijas daba: ložņu saulenīte» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 4. februar 2023. 
  13. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 4. februar 2023. 
  14. Zigmantas Gudžinskas (2001). «Diversity, state, and protection of Orchidaceae species in Lithuania». Jour. Eur. Orch. 33 (1): 415–441. ISSN 0945-7909. 
  15. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 18-19. ISBN 9986-662-28-1. Henta 4. februar 2023. 
  16. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Goodyera repens». FLORON. Henta 20. januar 2024. 
  17. «Verspreidingskaart: Dennenorchis – Goodyera repens». Waarnemingen.be. Henta 20. januar 2024. 
  18. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  19. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  20. «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024. 

Bakgrunnsstoff

endre


  NODES
Idea 1
idea 1
Intern 1
os 13