Kokura
Kokura (小倉) var ein gammal festningsby som saman med drabantbyen Moji vakta Shimonosekisundet mellom dei japanske øyane Honshu og Kyushu.
I 1963 blei Kokura slått saman med Moji, Tobata, Wakamatsu og Yahata til den større byen Kitakyushu. Kokura er stoppeplass på Sanyo-lyntoglina og har ferjesamband med Matsuyama på Shikoku og Busan i Korea.
Kokura var det eigentlege målet for den andre atombomba amerikanske styrkar slapp over Japan. Åtaket mot byen den 9. august blei avverja av tett skydekke, og bombeflyet Bockscar forlet byen etter å ha floge over byen tre gonger. Denne hendinga gav opphav til det japanske omgrepet kokuraflaks om nokon som slapp unna ei fæl hending utan å vera klar over det.