Komplement i matematikk
Komplement er eit omgrep som vert nytta fleire stader i matematikken.
Geometri
endreKomplementvinklar eller komplementære vinklar er to vinklar som til saman har summen 90 °.
Mengdelære
endreI mengdelæra nyttar ein komplement i følgjande tyding: Viss A er ei mengd i ei større mengd S, så vert mengda S minus A sagt å vere komplement til mengda A eller komplementærmengd i S. Komplementet til A i S er altså mengda av dei element i S som ikkje er i A.
Kjelder
endre- komplement. (2012-01-03) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/komplement/matematikk