Konjunksjon i astronomi
Konjunksjon er eit omgrep i astronomien. To himmellekamar er i konjunksjon når dei vert sett i same retning, eller meir presist, når dei har same geosentrisk lengd. Dei nedre planetane (Merkur og Venus) kan vere både i nedre og øvre konjunksjon med sola. I øvre konjunksjon står sola mellom jorda og planeten, i nedre konjunksjon står planeten mellom jorda og sola. Ved nymåne er månen i konjunksjon med sola.
Kjelder
endre- «Konjunksjon: astronomi», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014