Kvithalehjort

pattedyrart

Kvithalehjort (Odocoileus virginianus), eller virginiahjort, er eit ganske stort medlem av hjortefamilien (Cervidae). Bukken (hanndyret) kan bli opptil 140 kg, medan hinda (hodyret) kan nå ei vekt på rundt 115 kg. Kalven har lyse flekkar i den raudbrune pelsen. Felles for alle kvithalehjortar er den mjølkekvite halen, som reiser seg når hjorten blir skremd og med det varslar andre hjortar.

Kvithalehjort
Kvithalehjorthann
Kvithalehjorthann
Kvithalehjortho
Kvithalehjortho
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av kvithalehjort
Utbreiinga av kvithalehjort
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Pattedyr Mammalia
Orden: Klauvdyr Artiodactyla
Familie: Hjortedyr Cervidae
Slekt: Odocoileus
Art: Kvithalehjort O. virginianus
Vitskapleg namn
Odocoileus virginianus

Åtferd

endre
 
Kalv

Kvithalejorten har utmerka høyrsle, luktesans og syn, og kan lett finna ut om det finst menneske eller andre fiendar rundt henne. Sjølv når han et er han på vakt, og tar ofte småpauser i etinga for å kikka seg rundt. Når ein kvithalehjort oppdagar at det er fare på ferda rundt han, løftar han hovudet og stirrar i retninga der faren er. Samtidig blir både høyrsla og luktesansen skjerpa, for å fanga opp alt som er mistenkeleg.

Kvithalehjorten er for det meste eit nattdyr, men ein kan sjå han når som helst på dagen. Hjortane et for det meste tidleg om morgonen eller ved solnedgang. Om vinteren dannar dei nokre gongar enorme flokkar på over hundre dyr.

Føde

endre

Som andre hjortedyr beitar kvithalehjorten på gras og lauvblad, og dessutan frukter, urter og blomar. Maten varierer mykje etter årstidene, og om vinteren, når det er lite mat å finna, bruker han meir energi enn han klarer å finna. Dermed går hjorten ned i vekt. Som andre hjortetypar klarer kvithalehjorten å redusera fødeinntaket om vinteren for å unngå det store energitapetet når han leitar etter mat.

Forplanting

endre
Hjortekalv

Hinda blir kjønnsmogen etter eit år, medan bukken ikkje blir kjønnsmogen før vanlegvis rundt fire år og utover. Paringa skjer seint ut på hausten, og hinda har ein drektigheitsperiode på rundt 6 og ein halv månad. Talet på kalvar som blir fødd aukar etterkvart som hinda blir eldre; dei yngste føder som regel berre éin kalv, medan dei eldre kan føda opptil tre.

Ungane til kvithalehjorten held seg på eit lite område med tett vegetasjon i dei første vekene etter fødselen, sjølv om dei kan både stå og gå. Kalven blir verande i lag med mor si i eitt til to år.

Tilstand og utbreiing

endre
 
Hjortar med gevir

Kvithalehjorten lever vilt over store delar av Amerika. Han finst i heile USA og dei sørlege delane av Canada, og heilt ned til Peru og Brasil i Sør-Amerika. I seinare tid har han òg blitt innført til både New Zealand og Finland.

Kvithalehjorten var i ein periode nær utrydding i Nord-Amerika, men etter regulering av jakt har talet tatt seg opp igjen. Av naturlege fiendar ligg pumaen øvst, og ein reknar med at heile 3/4 av kosten til pumaen består av kvithalehjort.

Arten er funnen i Belize, Brasil, Canada (Alberta, Britisk Columbia, Labrador, Manitoba, New Brunswick, Newfoundland, Nova Scotia, Ontario, Prince Edward Island, Québec, Saskatchewan), Colombia, Costa Rica, Ecuador, El Salvador, Finland, Fransk Guyana, Guatemala, Guyana, Honduras, Mexico, Nicaragua, New Zealand, Panama, Peru, Slovakia, Surinam, Tsjekkia, USA (Alabama, Arizona, Arkansas, Colorado, Connecticut, Delaware, District of Columbia, Florida, Georgia, Idaho, Illinois, Indiana, Iowa, Kansas, Kentucky, Louisiana, Maine, Maryland, Massachusetts, Michigan, Minnesota, Mississippi, Missouri, Montana, Nebraska, New Hampshire, New Jersey, New Mexico, New York, Nord-Carolina, Nord-Dakota, Ohio, Oklahoma, Oregon, Pennsylvania, Rhode Island, Sør-Carolina, Sør-Dakota, Tennessee, Texas, Vermont, Virginia, Washington, Vest-Virginia, Wisconsin, Wyoming) og Venezuela.[1]

Kjelder

endre
  1. Gallina, S. and Lopez Arevalo, H. 2016. Odocoileus virginianus. The IUCN Red List of Threatened Species 2016: e.T42394A22162580. Odocoileus virginianus. Besøkt 1. februar 2018.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Kvithalehjort
  NODES