Kvutzat Kinneret (hebraisk קְבוּצַת כִּנֶּרֶת) er ein kibbutz nord i Israel. Han ligg sørvest for Genesaretsjøen nær Tiberias og høyrer til Emek HaYarden regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 896.

Kvutzat Kinneret
landsby
Utsyn frå museet.
Land  Israel
Region Genesaretsjøen
Distrikt Nord distrikt
Kommune Emek HaYarden
Koordinatar 32°42′48.24″N 35°33′45″E / 32.7134000°N 35.56250°E / 32.7134000; 35.56250
Folketal 606  (2008)[1]
Grunnlagd 1908
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Kvutzat Kinneret
32°42′48″N 35°33′45″E / 32.7134°N 35.5625°E / 32.7134; 35.5625
Kart som viser Kvutzat Kinneret.
Kart som viser Kvutzat Kinneret.
Kart som viser Kvutzat Kinneret.
Wikimedia Commons: Kvutzat Kinneret

Historie

endre

Landsbyen vart grunnlagd i 1908 som Havat Kinneret (hebraisk חוות כנרת, tyder Kinneret gard). Namnet kjem frå det gamle hebraiske namnet på Genesaretsjøen og frå ein bibelsk landsby som låg ved Genesaretsjøen ligg lenger nord. Denne høyrte til Naftali-stamma (Josva 19:35). I 1913 vart han ein kibbutz. Biavl og honningsal var ei av dei første næringane her.[2]

Gravplass

endre

Aust for kibbutzen ligg ein historisk gravplass der mange pionerar og leiarar for arbeidarrørsla ligg gravlagd. Av desse finn ein Berl Katznelson, Nachman Syrkin, Rachel Bluwstein, Ber Borochov og Avraham Hartsfeld.

Kjelder

endre
  1. «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2008. Henta 10. oktober 2014. 
  2. For All Tastes. Haaretz.
  NODES