Lødingen

tettstad i Lødingen i Nordland

Lødingen (nordsamisk Lodegak eller Lodek) er ein tettstad og administrasjonssenteret i Lødingen kommune i Nordland fylke. Tettstaden ligg ytst i Tjeldsundet, ved munningen av sundet på nordsida av Vestfjorden, og har 1 431 innbyggjarar per 1. januar 2023.

Lødingen
tettstad
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Lødingen
Areal 1,33 km²
Folketal 1 431  (2023)
Folketettleik 1 076 / km²
Postnummer 8410 LØDINGEN
Innbyggjarnamn lødingsværing
Kart
Lødingen
68°24′50″N 15°59′42″E / 68.41388889°N 15.995°E / 68.41388889; 15.995

Lødingen er eit handels- og kommunikasjonssenter. I tettstaden ligg Norsk Telemuseum Lødingen og Losmuseet Lødingen. Her står også Lødingen kyrkje, ei tømra krosskyrkje frå 1897.

Det går ferje over Vestfjorden som knyter E10 (Kong Olavs veg og fastlandssambandet til Lofoten) saman med E6Bognes og gjev kortaste vegen sørover frå Harstad og Vesterålen. Lødingen har ein større losstasjon og er ei viktig fiskehamn.[1]

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. «Lødingen - tettstedet». Store norske leksikon. 14. juli 2016. Henta 27. mai 2017. 
  NODES
admin 1