Lamb Holm
Lamb Holm er ei lita folketom øy i Orknøyane i Skottland. Hovudattraksjonen på øya er eit rikt utsmykka italiensk kapell.
Lamb Holm | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 58°53′N 2°53′W / 58.89°N 2.89°W |
Øygruppe | Orknøyane
|
Areal | 0,40 km²
|
Høgaste punkt | 20 moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Orknøyane
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Geografi
endreLamb Holm ligg i Holm Sound, ein av dei austlege innløpa til Scapa Flow, mellom Mainland i Orknøyane og øya Burray,[1] Ho er 40 hektar stor.
Churchill Barriers ber vegen frå South Ronaldsay til Mainland i Orknøyane. Lamb Holm er knytt til Glims Holm i sørvest via Barrier nummer 2 og til Mainland via Barrier nummer 1.
Steinbrotet som vart nytta til å byggje Churchill Barriers er i dag fylt med vatn og omgjort til eit oppdrettsanlegg.
Italiensk kapell
endreChurchill Barriers vart bygt av italienske krigsfangar under den andre verdskrigen og dei bygde og det rikt utsmykka italienske kapellet som i dag er hovudattraksjonen på øya.
I 1942 var meir enn 1300 italienske krigsfangar fanga i Nord-Afrika og ført til Orknøyane, der dei vart verande til tidleg i 1945. 550 vart tekne til Camp 60, deri det vert sett til å byggje Churchill Barriers. I 1943 vart kommandanten i leiren og presten Giacombazzi einige om at dei trengde ei kyrkje. Fangane gjorde alt arbeidet med å omforme to brakker til kapellet.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lamb Holm» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Lamb Holm». Gazetteer for Scotland. Henta 14. mars 2010.