Linear A er ein skrifttype som blei brukt til å skriva det etokretiske (også kalla minoiske) språket.

Linear A-inskripsjon på leirtavle som er funnen i AkrotíriSantorini.

Linear A oppstod i den minoiske kulturenKreta, og blei brukt frå ca. 1750 f.kr. fram til Kreta blei invadert av greske folkeslag ca. 1420 f.kr. Skrifta blei brukt parallelt med kretiske hieroglyfar.

Eit nærståande alfabet, Linear B, blei brukt til å skriva ei arkaisk form for gresk, og blei brukt i den gamle palasskulturen i Mykene på det greske fastlandet. Dette fyrste greske skriftspråket erstatta Linear A som administrasjonsspråk i Knossos og dei andre palassa på Kreta.

Mange av skriftteikna i Linear A finn ein igjen i det yngre skriftspråket Linear B, men utover det er det ikkje identifisert nokon slektskap mellom dei to språka.

Der er funne ei rekkje leirtavler og andre gjenstandar med inskripsjonar i Linear A både på Kreta og andre øyar i Egearhavet, og dessutan i Lahun i Egypt (ca. 1750 f.kr.). Det er likevel ingen som har klart å gje ei overbevisande tyding av dette skriftspråket.[1]

Kjelder

endre
  1. Quirke, S. (2005): Lahun, a town in Egypt, s. 94-96.
  NODES
admin 1