Littorinahavet

hav

Littorinahavet er eit geologisk stadium av Austersjøen då vatnet var brakt. Det eksisterte for kring 7500 til 4000 år sidan og følgde Mastogloiahavet, overgangsfasen til Ancylussjøen. Littorinahavet er kalla opp etter vanleg strandsnigl (Littorina littorea), som då dominerte i desse farvatna og som indikerte salt vatn.

Littorinahavet for kring 7000 år sidan.

Littorinahavet var ein overgangsperiode og var 26,5 % større enn i dag. Mot slutten av perioden dukka dei moderne landformene fram, med lagunar, landtunger og dyner som framleis er synlege.

Kjelder

endre
  NODES